Fotograf: Hallgeir Hove
Dei første åra vart det også delt ut eigen supporterpris. I 2000 gjekk den til Øvrebust! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liabygda har sett sitt preg på fotballturneringa, med sine 10 sigrar totalt. Her er gjengen som sikra sigeren i 2005 fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Proffspelar Jonathan Parr, for tida i Ipswich, har gjesta Grendacupen i mange år. Her i lag med dei unge i 2008 fotograf John Kristian Hjelle
Grendacupen 2006 - Klatring og trampoline
Tidlegare var det også m.a. både klatring og trampoline på programmet, men det får ein altså høve til å vere med på, 5. juledag
Fotograf: Hallgeir Hove
Det er vinjarane som er tittelforsvarar, etter at dei gjekk til topps i 2014! fotograf Hallgeir Hove

Grendacupen for 20. gong!

Laurdag 26. desember er det klart for den 20. utgåva av Grendacupen. Denne gongen er det Nejaføringane som står som arrangør. Ein fyl malen frå dei siste åra, der det heile startar med fotballturnering for dei frå 5. t.o.m 8. klasse kl 12.30 og så startar turneringa for dei vaksne kl 14.15. I tillegg til det som skjer ute på parketten, er den tradisjonsrike Grendacupen også verkeleg ein sosial møtestad i romjula.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.12.2015

Når ein no arrangerer Grendacup for 20. gong, er det også slik at eit jubileum for Stordalshallen er nært føreståande. No var det slik at den første Grendacupen vart arrangert i jula 1996, medan sjølve opninga av Stordalshallen fann stad laurdag den 25. januar 1997. Dermed er det berre så vidt i overkant av eitt år, før vi kan feire at storstova vår faktisk er 20 år gamal! 

Grendacupen har altså ei relativt lang historie den og og sjølv om den i dag ikkje er like omfattande som den var dei 10-12 første åra, har fotballen vor med heile vegen. I mange år var det også lagt opp til klatring, skyting og trampoline i samband med grendacupen og i tillegg også volleyballturnering og konkurranse grendene i mellom også i taudraging og skyting. Om ein ikkje får muligheit til å klatre, hoppe på trampolina og/eller skyte på 2. juledag, har vi lagt opp til det vi kallar "Open dag", tysdag den 29. desember (altså 5. juledag) frå kl 1200 til kl 1400. Sjå Barnas juleprogram for dette og meire til.

Om du har lyst til å ta eit tilbakeblikk på Grendacupen, finn du mange reportasjar og bilder på nettsida vår

Her er oversikta over vinnarane av fotballturneringa for dei vaksne frå den første Grendacupen og fram til no:

1996: Nejaføringane
1997: Nejaføringane
1998: Nejaføringane
1999: Vinjehjellane
2000: Liabygda
2001: Vinjehjellane
2002: Liabygda
2003: Liabygda
2004: Liabygda
2005: Liabygda
2006: Liabygda
2007: Liabygda
2008: Liabygda
2009: Liabygda
2010: Øvrebust
2011: Vinjehjellane
2012: Liabygda
2013: Nefaføringane
2014: Vinje
2015: ?

I år er det slik at grendene Dyrkorn og Dalane ikkje stiller lag, men for dei som evt har lyst til å vere med, som eigentleg høyrer desse grendene til, er det sjølvsagt heilt greit at dei er med på eitt av dei andre laga. Med to lag mindre, vert det også færre kampar, då vi framleis held på å del i to puljer (om vi skulle køyre alle laga gjennom ein enkel serie, ville det bli for mane kampar..) Sjå oppsettet nedanfor.

I tillegg til turneringa for dei vaksne, er det også ei turnering for dei litt yngre fotballspelarane. Dette er for dei som er i alderen 5. t.o.m 8. klasse og her blir gjerne grender slått saman for å få til ei best mulig fordeling laga i mellom. Ikkje minst er det stor stas at også unge som er her på juleferie eller rett og slett berre på dagsbesøk, vert med. Det er alltids råd å finne ei eller anna grend ein kan seie at ein er meir knytt til, enn dei andre. I skrivande stund er det enno ikkje 100% avklara korleis denne inndelinga blir, men det som er klart er at alle som vil vere med på dette sjølvsagt får det. Det er berrre å ta kontakt med den som står oppført, evt med arrangørane.

Det er også oppretta ei eiga hending på facebook, nettopp for å få betre oversikt over kven som vil vere med på turneringa for dei frå 5. t.o.m 8. klasse og hugs då for all del at det berre er stas om "uttabygdarar" også vil vere med!

Vi har laga til eit oppsett over kontaktpersonar for dei ulike laga og det er sjølvsagt viktig at dei som ynskjer å vere med på Grendacupen melder frå om dette så tidleg som mulig.

Vi har også laga til eit kampoppsett, slik alle kan sjå kva som skal skje utover dagen.

Sjå både oppsett på kontaktpersonar og kampoppsett som pdf nedst på sida.

DET ER GRATIS Å VERE MED PÅ GRENDACUPEN ANTEN EIN NO YNSKJER Å SPELE, ELLER VIL FÅ DEN MED SEG FRÅ TRIBUNEPLASS!

Arrangør i år er Nejaføringane og dei legg også opp til kafé i grendasalen. Bulent fortel at det blir mykje godt å handle der, m.a. pølse m/brød, vaffler, kaker, sjokolade, brus og meire til.  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove