Handballaga i Aksla IL trivst i Stordalshallen

Aksla IL - J 11, mars 2019 - Klikk for stort bildeAksla IL - J 11, mars 2019 Hallgeir Hove

Denne helga var det J 11 - laget til Aksla IL, som gjennomførte treningshelg her i Stordalshallen. Det er veldig stas å registrere at det eine aldersbestemte handballaget etter det andre frå denne driftuge klubben, tek kontakt med oss oss for å reservere plass. Dei fortel også at dei har høyrt mykje positivt om oss og slikt set vi naturlegvis stor pris på å få høyre. At vi har berre positivt å berette om denne klubben, er også utvilsamt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2019

Aksla IL - J 11, mars 2019 - Klikk for stort bildeAksla IL - J 11, mars 2019 Hallgeir Hove Aksla IL - J 11, mars 2019 - Klikk for stort bildeAksla IL - J 11, mars 2019 Hallgeir Hove Aksla IL - J 11, mars 2019 - Klikk for stort bildeAksla IL - J 11, mars 2019 Hallgeir Hove Aksla IL - J 11, mars 2019 - Klikk for stort bildeAksla IL - J 11, mars 2019 Hallgeir Hove

Sjølv om det berre vart ei overnatting denne gongen, rakk jentene verkeleg mykje i løpet av tida dei var her. Naturlegvis vart det mykje terping på detaljar i handball, samt turneringsspel. I tillegg var det lagt inn ei spennande økt basert på leik og då slik at dei hadde delt inn i ulike stasjonar.

Etter at alt av handball var over, første dagen, var det så høve til frileik, der m.a. teamtrack´n såg ut til å vere populær. Det same var skuddlaseren, der dei kunne måle farta på skudda sine. Slakkline, minigolf, bordtennis m.m. var også ting dei kunne prøve ut. Så veit dei også at muligheita for både skyting, klatring og trampoline kan vere til stades ved neste besøk.  

Grendasalen fungerte som både matsal og sovesal for den kjekke gjengen og dermed kunne dei også slappe av på senga/madrassa og kikke på storskjermen, når alt av annan aktivitet og måltida var inntatt. Dyktige leiarar, trenarar og foreldre, bidrog til at jentene - på alle måtar - hadde ei rett så gjevande og nyttig treningshelg.

Vi takkar for særs triveleg besøk og ynskjer velkomen tilbake!  

 

For fleire bilder frå treningshelga, viser vi til eige galleri på Stordashallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove