Fotograf: Trine Hovde
Aksla/Rollon G 14 lag II fotograf Trine Hovde
Fotograf: Trine Hovde
Aksla/Rollon G 14 lag I fotograf Trine Hovde
Fotograf: Hallgeir Hove
Terping på kastteknikk/oppvarming fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Terping på kastteknikk/oppvarming fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Terping på kastteknikk/oppvarming fotograf Hallgeir Hove

Handballgutar frå Aksla/Rollon med vellukka treningshelg

Sist helg var 22 handballspelarar frå Aksla/Rollon på plass i Stordalshallen, for å gjennomføre treningshelg. Det var gutane, som skal utgjere dei to laga i 14 års klassa, som på dette viset nytta høve til å få køyrd mykje trening og elles verte endå betre samansveisa. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.09.2012

Det tok ikkje lange stunda før første treningsøkta var i gong, då gjengen frå Ålesund kom til Stordalshallen, laurdag morgon. I løpet av opphaldet, som varte til godt ut på søndagen, hadde dei vore gjennom mange gode treningsøkter.

På laurdagskvelden var det lagt opp til fellesmåltid ved Nilsgardstunet. Ikkje noko dårleg val det. Som tildlegare skrive har Nilsgardstunet nyleg blitt kåra til regionsvinnar i Ganefart-konkurransen 2012!   

Etter opphaldet ved Nilsgardstunet gjekk så turen til Stordal Ungdomsklubb, der gutane fekk treffe både gjestane våre frå Nørvasund Skolekorps og lokal ungdom.

Trine Hovde, kontaktperson for den flotte gjengen med handballgutar, fortel at samlinga var særs vellukka, noko vi sjølvsagt set stor pris på å få høyre. Trine har sendt oss fleire flotte bilder frå samlinga, som de vil finne i vårt bildegalleri.

No er det ikkje første gongen handballspelarar frå Aksla har vitja oss. Seinast i september i fjor gjennomførte herrelaget deira treningssamling her hjå oss. 

Året før var det samarbeidslaget Aksla/Spjelkavik, på damesida, som var på plass!

Vi ynskjer dei sjølvsagt velkomen attende, alle saman!   

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove