Handballjenter frå Aksla og Rollon med flott treningshelg

Aksla/Rollon - J 16, treningshelg aug 2018 - Klikk for stort bildeAksla/Rollon - J 16, treningshelg aug 2018 Hallgeir Hove

22 handballjenter frå samarbeidslaget Aksla/Rollon - J 16, gjennomførte ei super treningssamling denne helga og markerte dermed starten på ein ny og innhaldsrik haust ved Stordalshallen. Etter tilbakemeldingane å dømme hadde dei supre jentene hatt det veldig kjekt og sosialt også utanom dei mange treningane.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 13.08.2018

Aksla/Rollon - J 16, treningshelg aug 2018 - Klikk for stort bildeAksla/Rollon - J 16, treningshelg aug 2018 Hallgeir Hove

Dei to trenarane, Lars Johansen og Per-Trygve Refsnes, hadde også berre lovord å kome med både i høve til dei treningsvillige jentene og til Stordalshallen - også som arena for samlingar som dette. No er det heller ikkje første gongen dei to karane har vore på besøk med oss. Dei er nemleg begge lærarar ved Ålesund videregående skole, som kvar vinter kjem hit med idrettselevane sine og gjennomfører ekskursjon der også skiløping står i fokus. Sjå gjerne reportasjane vi har laga om desse suverene opplegga.

Det neste som ventar dei flinke jentene er ei større handballturnering og etterkvart startar også seriekampane opp. Ei helg som den dei fekk vere med på no, er ikkje med å gjere dei mindre budd på det som skal kome, for å seie det sånn. I tillegg til all treninga, vart det mykje sosialt der også Premier League og anna kjekt vart vist på storskjermen i grendasalen. Samlinga vart - etter det vi forstår - avslutta med tur til badeplassen på Langsætrane og ein snartur innom hytta til Per-Trygve, der det vart servert vaffler og anna godt.  

På Aksla IL si facebookside, ser du meir

Vi takkar for triveleg besøk og ynskjer laget lykke til i dei komande kampane!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove