Handballjenter frå "Vika" med kjekk treningshelg!

Spjelkavik handball, J 13 - april 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik handball, J 13 - april 2018 Hallgeir Hove

 

Sist helg var det 20 jenter frå Spjelkavik IL si handballgruppe, som gjennomførte treningssamling i Stordalshallen. Dei kom på fredag kveld og reiste heim søndag ettermiddag. I løpet av helga fekk dei trena mykje, både inne og ute og ikkje minst hadde dei det skikkeleg sosialt saman, der dei m.a. også hadde laga til eige show der dei underheldt kvarandre.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.04.2018

Spjelkavik handball, J 13 - april 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik handball, J 13 - april 2018 Hallgeir Hove Spjelkavik handball, J 13 - april 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik handball, J 13 - april 2018 Hallgeir Hove Spjelkavik handball, J 13 - april 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik handball, J 13 - april 2018 Vibeke Kiran Ness, Spjelkavik IL Spjelkavik handball, J 13 - april 2018 - Klikk for stort bildeSpjelkavik handball, J 13 - april 2018 Vibeke Kiran Ness, Spjelkavik IL

 

Vibeke Kiran og Lise Haagensen er trenarar for jentene og dei hadde berre lovord å kome med, etter at treningshelga var gjennomført. Dei kunne også fortelje at spelarane gjerne ville tilbake hit ved eit seinare høve, noko vi sjølvsagt set stor pris på. 

Som mange andre, valgte også denne gjengen å bestille pizza, levert på døra, frå Joker Stordal og i tillegg vart det Norske Talenter på storskjermen i grendasalen på fredagskvelden. Matlaginga elles, stod spelarane for sjølve, der dei var inndelt i grupper med ulike arbeidsoppgåver.

Det nydelege veret gjorde at laget valgte å legge opp til økter også nede på stadionområdet, der det også vart tid til leikaktivitet i tillegg til rein resursstrening. Ei stor turnering i Kristiansund denne helga, var neste mål for dei flinke jentene og opphaldet her i Stordal var ei glimrande opplading til den.

Øktene i Stordalshallen bar preg av terping på teknikk og dei køyrde også eigne miniturneringar. Minigolf, bordtennis, balansering på slakkline og ikkje minst testing av skuddstyrke ved hjelp av skuddlaser, vart det også tid til, innimellom. Ei eiga form for stikkball - med ein mjuk ball av skumplast - såg det også ut til å vere veldig populært å halde på med.

 

Ein suveren gjeng å ha besøk av!

 

For endå fleire bilder, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facbookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove