Hatlane Skolekorps med vel gjennomført øvingshelg!

Hatlane Skolekorps feb 2018 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps feb 2018 Hallgeir Hove

Hatlane Skolekorps er eit relativt nystarta korps med lav snittalder, men dette skulle ein ikkje tru når ein høyrer dei spele. Hatlane Skolekorps heitte tidlegare Nørvasund Skolekorps og då skjønar sikkert fleire at overskrifta her er ekstra gledeleg. Når vi i tillegg kan fortelje at deltakarane storkosa seg heile helga og at enkelte knapt ville dra heim på søndagen, vert dette ekstra stas sjølvsagt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.02.2018

Hatlane Skolekorps feb 2018 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps feb 2018 Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps feb 2018 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps feb 2018 Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps feb 2018 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps feb 2018 Hallgeir Hove Hatlane Skolekorps feb 2018 - Klikk for stort bildeHatlane Skolekorps feb 2018 Hallgeir Hove

Når det blir så ekstra gledeleg at også Hatlane Skolekorps, kan dra heim godt fornøgde, skuldast dette at dei/vi var ekstremt uheldige i 2015 og 2016.

Historikken her seier nemleg fyljande:

I løpet av åra 2010 t.o.m. 2014, var Nørvasund Skolekorps på besøk kvar einaste år. Om du vil kan du ta eit tilbakeblikk på dette. (sjå eigne reportasjar)

Men så skulle vi altså oppleve at det vart straumbrot akkurat den helga korpset var på besøk med oss i 2015 og i og med at Ørskog Energi ikkje klarte å få reparert feilen tidsnok, hadde ikkje korpset anna val enn å returnere til Ålesund midtvegs i øvingshelga. Dette var første gongen noko slikt hadde hendt i løpet av dei 18 åra Stordalshallen hadde eksistert. Men både korps og oss her, var klar på at dette umulig kunne skje igjen, når dei ville prøve på nytt, året etter. Men så var det nettopp det som skjedde og også den gongen tok det for lang tid før Ørskog Energi klarte å få retta opp feilen. Truleg skuldast m.a. at dei hadde teke med seg ein for kort kabel frå Vestnes, til at det tok mykje lengre tid, enn det som naudsynt var. Korpset måtte difor pakke saman og dra heim enno ein gong og ein kunne konstatere at ei slik hending hadde skjedd to gongar i løpet av 19 år og begge gongane utruleg nok med dei same gjestane og då to år på rad! Midt opp i alt dette var det også to korpsdeltakarar som skada seg og måtte til legevakta/sjukehuset, så det er ikkje til å kome ifrå at dette var tøffe opplevingar for så vel korpsdeltakarar som oss vertane.

Men når dei no altså har gjennomført øvingshelg her på ny, så seier kanskje dette ein del om kor kjekt dei faktisk har det her hjå oss og alle var nok skjønt enige om at det umulig kunne bli slik at straumen skulle gå for tredje gong og då akkurat når dei var på besøk. (det høyrer også med å nemne at eige naudaggregat for Stordal skule og Stordalshallen er med på økonomiplanen for 2018)

Men så til sjølve helga her:
Først på plass fredagskvelden, var Roy-Kasper Naalsund. Han kom ein liten time før resten av gjengen (som kom kl 18.45). Som den ivrige dirigenten han er, ville han laga alt klart til den første øvinga på fredagskvelden og det tok heller ikkje lange stunda etter ankomst, før dei ivrige musikantane var i gong. Dyktige foreldre og leiarar fiksa samstundes kveldsmaten, slik den var klar til øvinga var over. Så vart det både kanonball og anna kjekt i idrettshallen, før det var på tide med litt søvn.

Laurdagen vart det meir øving og då inndelt i grupper, etter instrument. Berre avbrutta av nokre små pausar, øvde dei heilt frå kl 10.30 og fram til kl 16.30. Men dette var også dagen då dei fekk vere med på aktivitetsopplegg og nøyaktig på slaget 16.30, var dei første fem i gong på skytebana. Der var Harry Tøsse og Lars Johan Nygård frå Stordal Skyttarlag på plass og gav deltakarane veldig flott instruksjon. Det var ikkje vanskeleg å sjå at det var stas å få vere med på dette og både musikantane, leiarane og foreldra som var med, viste gode skyteferdigheiter.  I tillegg til skyting, var det sjølvsagt også høve til å boltre seg på teamtrack´n og det er ikkje feil å hevde at det sjeldan har vore så mange saltoar og andre typar hopp, som nettopp denne helga på den. Populært var det også å teste ut skuddfoten, ved hjelp av skuddlaseren vår. Det var ikkje vanskeleg å sjå at sjefsansvarleg for øvingshelga, Roger Paulsen, har spela mykje fotball. Han fekk opp imponerande 104 km/t på displayet og det var også mange andre som viste gode skuddferdigheiter. Slakklinestativet bydde også på sine utfordringar og også minitrampetten vart veldig mykje brukt. Minigolf, bordtennis, badminton og ikkje minst alt utstyret for dei aller yngste var det også stas å halde på med. Så gløymer vi heller ikkje at den godaste dirigent Naalsund også har lang erfaring og god utdanning som klatreinstruktør og etterkvart som han fekk lagt all dirigeringa bak seg (frå 1030 til 1630) var han klar for nye oppdrag, slik at alle som ville fekk teste ut klatreveggen vår.

Etter all denne aktiviteten og all denne øvinga, var det naturlegvis ekstra godt å kunne sette seg ned i grendasalen og nyte middagen saman.

Søndagen vart det tid til endå meir øving og når så klokka nærma seg 14.00 var det klart for heimreise. Alle deltakarane fekk med seg Stordalshallen sin jubileumsbuff som eit lite minne frå opphaldet hjå oss og denne gongen er det nok rett å seie at alle som besøkte oss også reiste heim med mange andre kjekke minner.

Vi konkluderer med at Hatlane Skolekorps er ein super gjeng talentfulle unge musikantar, og også med leiarar og foreldre det er stor stas å ha på besøk. Slik sett er det ingenting som er forandra, sjølv om ein altså ikkje lengre heiter Nørvasund Skolekorps lengre.

Vi gledar oss alt til neste gong vi får lov til å vere vertskap for denne supre gjengen.

 

Sjå gjerne endå fleire glimt frå den kjekke øvingshelga i eige galleri (196 bilder) på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove