Hatlehol Skolekorps med ny, vellukka øvingshelg!

Nærare 30 musikantar og om lag 10 foreldre og leiarar har denne helga gjennomført øvingshelg i Stordalshallen. Det vart sjølvsagt tid til mykje speling, både fredag, laurdag og søndag, men også mykje anna kjekt. Hatlehol Skolekorps besøkte oss også i 2013 og alt tydar på at det heile var særs vellukka også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.11.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Denne supre gjengen var gjestane våre frå den 16. tom den 18. oktober fotograf Hallgeir Hove

Etter ankomsten og litt felles informasjon på fredagskvelden, kom korpset kjapt i gong med første øvinga. Og øving vart det mykje av i løpet av helga, der ein også delte seg i grupper.

Etter at kveldsmaten var inntatt, var det nokon som valgte å sjå film på storskjermen i grendasalen, medan andre ville vere meir i aktivitet inne i idrettshalen.

På laurdagskvelden var det så tid for aktivitetsopplegg. På skytebana var det Lars Johan Nygård som stilte på og i klatreveggen tok Helga Øvrebust og Kjell Mulelid hand om musikantane. Den to timar lange økta var lagt opp slik at ein fekk med ein uhøgtidleg konkurranse mellom seks grupper. Dei konkurrerte i minigolf, erterposekasting og skyting. Det var mange lovord i etterkant av opplegget og det er på sin plass å rette ei stor takk til instruktørane som stilte opp. Kjempeflott!

Vi har sagt det før, men gjentek det gjerne; korpsmusikantar er flotte folk og det var rett så kjekt å ha Hatlehol Skolekorps her hjå oss, også denne gongen. Vi takkar for besøket og ynskjer velkomen attende.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove