Fotograf: Hallgeir Hove
Dei 13 deltakarane, saman med kursleiar Yngve Nordskag (lengst t.h.) og Kjell Mulelid (t.h.) John Helge Larsen og Elin Vestre (Stordal skulle) står til venstre fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Yngve Nordskag ynskjer velkomen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjell Mulelid, frå klatreklubben, hjelper til med kameratsjekk fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Yngve har vist korleis ein klatrar på led fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Liten tvil om at dette er ei lærevljug forsamling fotograf Hallgeir Hove

Heile 13 unge med på klatrekurs!

I går vart første del av eit klatrekurs på totalt 12 timar, gjennomført i Stordalshallen. Det er Yngve Nordskag som er kurshaldar og heile 13 deltakarar er med. Kurset kjem i stand takka vere eit godt samarbeid mellom klatreklubb og skule og ikkje minst takka vere God Helse -midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 27.11.2014

Det er naturlegvis særs gledeleg å registrere at ein no har lukkast med å få til å gjennomføre nytt klatrekurs her. Dei 13 unge og positive deltakarane - som med det første vil ha den kunnskapen og dei ferdigheitene som skal til for å gjere ein jobb i klatreveggen - vil kunne få mykje å seie i høve til klatreaktiviteten/klatretilbodet i Stordal. Suverent var det også at klatreklubben fekk innvilga søknaden sin om midlar til sokalla "lavterskel fysisk aktivitet" frå fylket.

Grunnkurs inne er eit kurs på totalt 12 timar som skal sette deltakarane i stand til å klatre innandørs på eiga hånd. Deltakarane skal lære nok om sikringsteknikk og opptreden til å ta vare på si eiga og medklatraren si sikkerheit. Dei skal også bevisstgjerast på dei potensielle farane knytta til klatring.

På bakgrunn av kurset skal deltakarane vere godt skikka til å ta Brattkortprøven og til slutt få eit brattkort. Brattkort er eit bevis på at deltakaren har tilstrekkjeleg kunnskap og sikringsferdigheiter for å kunne opptre sikkert på innandørs klatreveggar.

Grunnkurs Inne består av to bolkar som inneheld fleire små modular:

Hovudbolkane er:

• Klatring på topptau, klatreteknikk og teori (ca 5 timer).
• Ledklatring (ca 5 timer)

Til slutt endar dette altså opp i ei brattkortprøve som skal gjennomførast for at deltakaren skal få brattkortet.

Vi lovar å kome attende med fleire bilder, der gjengen også er i sving med å sikre kvarandre i klatreveggen.

Om du vil, kan du sjå reportasje frå 2008, då vi også gjennomførte liknande kurs i Stordalshallen. I tillegg hadde vi slikt kurs også i 2001.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove