Heile 21 med på brukarmøte/brannøving!

Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Det var veldig god oppslutning kring denne haustens brukarmøte, med heile 21 deltakarar på plass. Som for to år sidan var hovudposten på møtet ei eiga brannøving i regi av Arnold Rørstad frå Det interkommunale brannvernet. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.10.2016

Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Brukarmøte og brannøving hausten 2016 - Klikk for stort bildeBrukarmøte og brannøving hausten 2016 Hallgeir Hove Møtestad: Stordalshallen
M
øtedato: Torsdag 29. september 2016
Tidspkt.: kl 19.30-21.30

Desse deltok:

Stordal skulekorps: Hilde Rødset

Fotballgruppa barnefotballen: Torunn S Tafjord

Fotballgruppa J 9: Bjørn Ove Olsen

Fotballgruppa G 14: Jan Are Remme

Fotballgruppa G 10: Tore E Hove

Fotballgruppa J 12: Anita Hallan

Fotballgruppa J 13: Elisabeth Lorgen

Fotballgruppa G 14: Geir-Arne Grav-Skavøy

Fotballgruppa G 8: Morten Tvervåg

Fotballgruppa Senior herrar: Robin Aasen

Fotballgruppa Senior herrar: Thomas Kirkebøe

Stordal IL, barneidrett: Linda-Kristin Vad

Stordal og Liabygda pensjonistlag: Ann Elise Dyrkorn

Stordal hornmusikklag: Torill Brastad

Stordal Folkedanslag: Marie H Lied

Leik for born 2-6 år: Corine Hoogendam

Stordal skule: Ole Gaute Bø

Andershaugen barnehage: Andrea Øclan

Barneringen: Ole Magnar Øvrebust

Vaktmeister Stordalshallen: Jøran Gudmestad

Dagleg leiar Stordalshallen: Hallgeir Hove

 

BRANNØVING

(kl 20.00 – 21.30)

Hovudtema for brukarmøtet denne gongen, som for to år sidan, var ei eiga brannøving. Øvinga inneheld både ein teoretisk og ein praktisk del. Vi er pålagt å gjennomføre regelmessige brannøvingar og det er ikkje til å legge skjul på at vi er særs takksame for at Arnold Rørstad hjå det interkommunale brannvernet set av tid til å kome rundt og dele med oss av sin kunnskap på dette området. For dei mange som deltok på øvinga, var det tydeleg at dette hadde vore ei særs nyttig økt, både med tanke på det som gjeld brannsikkerheita ved Stordalshallen og truleg ikkje minst også i høve til alt som har med brannsikring rundt om i heimane.

Dermed er det å håpe og tru at alle, etter øvinga/møtet i går, vil ha ekstra fokus på alt det som har med brannsikkerheit å gjere anten det no er i Stordalshallen, eller andre stadar.

GJENNOMGONG AV INSTRUKSAR (kl 19.30 – 20.00)

I forkant av brannøvinga gjekk ein gjennom branninstruksen for Stordalshallen.

Alle representantane frå dei ulike brukargruppene har no ein viktig jobb å gjere, i høve til å få formidla vidare det som kom fram i møtet. Sjølvsagt gjeld dette branninstruks og dei branntekniske teikningane, der rømingsvegar og sløkkjeutstyr er markert. I tillegg gjeld det no å få teke ei runde med alle, i høve til den generelle bruken.

På møtet i går gjekk ein særskilt inn på kor viktig det er at ein passar på å sjekke at handballmåla er festa. Det gjeld både om dei står framme på golvet, eller dei står inntil veggen. Står dei på golvet skal alle dei fire boltane vere på plass! Dei to bake SKAL vere skrudd heilt ned i golvet! Om målet står opp til veggen SKAL det vere festa med kjettingen der! Kjettingen skal då gå rundt tverrligger på målet!

Vidare vart det også presisert at ingen barn skal ferdast inne på utstyrsromma!

Nokre andre viktige presiseringar:

    • alle som brukar Stordalshallen skal skrive i loggboka i etterkant!
    • alle lys skal sløkkjast og alle dører låsast, så lenge det ikkje står nokon klar til å overta!
    • alt av rusk og rask skal fjernast»
    • alt utstyr som har vore i bruk skal på plass att, der det høyrer heime!
    • Stolar og bord skal ikkje settast inn på golvet i idrettshallen! (utan at golvet er dekka til)
    • vassflasker og plastkoppar med vatn/drikke skal ikkje inn i idrettshallen og plaskoppane skal i søpla etter bruk!
    • siste gruppe som nyttar idrettshallen/grendasalen kvar kveld, skal moppe golvet, og moppelista skal fyllast ut!
    • foajeen skal ikkje nyttast som garderobe. Heller ikkje i høve trening i idrettshallen!

"Stordalshallen – skapt av innbyggjarane sine eigne hender – vil også bli ivareteken av dei"

… Ideellt sett skal det vere betre i Stordalshallen når vi forlet denne, enn det var då vi kom!

INNSPEL FRÅ GRUPPENE
 

På brukarmøta kjem det også inn nyttige innspel frå dei ulike gruppene og her er dei vi fanga opp i går:

    • Det er viktig at dagleg leiar/vaktmeister passar på å sjekke ofte det som vert notert i loggen, slik at det som er innmeldt kan rettast opp så snart som mulig.
      No er det slik at vaktmeister sjekkar denne så å seie dagleg og dagleg leiar relativt ofte, men vi lovar å gjere det vi kan for at ting som vert peika på i loggen, vert følgd opp.

       
    • Det er viktig at polstringa på dei to små handballmåla festa til veggen i sal 3, kjem på plass att.
      Vaktmeister har fått tak i polstring og vil få denne på plass omgåande
    • Det er ei utfordring knytt til at det er ein del ungar som spring rundt i bygget, utan at dei er der for å trene/øve. Dei forstyrrar rett og slett dei andre som er der!
      Her må vi berre ta eit felles ansvar, ved at vi gir desse beskjed om at dei får kome tilbake, når treninga/øvinga deira startar.

STATUS VEDR DRIFTA

Stadig like populært å vitje Stordalshallen og stadig like stor arrangementsfrekvens!

Stadig like populært å vere Stordalshallen sin samarbeidspartnar! ..og det i ei tid der dei fleste slit med å skaffe sponsorar..

Så ser vi fram til den 25. januar 2017, då vert nemleg storstova vår 20 år!

 

Stor takk til Arnold Rørstad for vel gjennomført brannøving og takk til samtlege deltakarar!

For fleire bilder frå brannøvinga, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove