Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Dei fleste deltakarane samla inne i idrettshallen fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Stordalshelga i langrenn 2012 - Skigang fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Stordalshelga i langrenn 2012 - Terrengløp fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Stordalshelga i langrenn 2012 - Terrengløp II fotograf Pål Bjørn Øvrebust
Fotograf: Pål Bjørn Øvrebust
Stordalshelga i langrenn 2012 - Premieutdeling klasse 13 0g 14 år fotograf Pål Bjørn Øvrebust

Heile 60 utøvarar, med på Stordalssamlinga 2012

Sist helg vart den 5. utgåva av langrennsgruppa si store samling, med deltaking frå heile skikretsen, avvikla i og omkring Stordalshallen. Etter tilbakemeldingane å dømme, vart årets utgåve like vellukka som tidlegare år.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.10.2012

I løpet av helga var deltakarane med på ei rad ulike aktivitetar både inne og ute. Sjølvsagt vart det fleire økter på rulleski og intervalløkter med skistavar. Hurtigheit er viktig i dagens langrenn, noko ein også hadde fokus på under samlinga, i tillegg til meir generell styrketrening. Stafettar og leikbetont aktivitet høyrer også med.  

I tillegg var det som vanleg lagt inn konkurransar i form av både terrengløp og rulleskiløp. Sjå resultat på langrennsgruppa si nettside

Det sosiale er sjølvsagt veldig viktig under slike samlingar og stas naturlegvis å kome saman ei heil helg på denne måten. På kveldstid var det lagt opp til fleire aktivitetar, som t.d. klatring, team-track, bordtennis. I tillegg var det laga eigen quiz.

Eit dyktig instruktørkorps og eit kjøkkenpersonell som kunne by på god og sunn mat fire gongar om dagen, er også noko av nøkkelen bak desse suksessrike samlingane. For meir om opplegget, sjå programmet på langrennsgruppa si heimeside.


Vi gratulerer langrennsgruppa med vel gjennomført samling!

Sjå gjerne vår førehandsreportasje, der ein også kan ta eit tilbakeblikk på dei mange flotte samlingane som har vore tidlegare.

Sjå fleire bilder i Stordalshallen sitt bildegalleri.

Fyl også langrennsgruppa på facebook!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove