Fotograf: Hallgeir Hove
Ordførar Charles Tøsse og vidare mot venstre; Helge Ole Haugen, Bjarne Jensen og Jan Petter Albertsen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Professor Bjarne Jensen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fylkesplansjef Ole Helge Haugen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ordføraren deler ut laks røyka i Stordal, til deltakarane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
NRK sin utsendte, Trond Vestre, intervjuar professor Bjarne Jensen i etterkant av møtet fotograf Hallgeir Hove

Heile 80 personar deltok på folkemøte!

Det vart rekordstor deltaking på folkemøtet i Stordalshallen torsdag kveld, då kommunereforma var tema. Heile 80 personar var på plass og det var heller ikkje noko å seie på engasjementet. Tidlegare journalist i Smp, Jan Petter Albertsen, professor Bjarne Jensen og fylkesplansjef Ole Helge Haugen bidrog til at det vart eit særs vellukka møte.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 30.05.2015

Det var ordførar Charles Tøsse som ynskte velkomen og før han gav ordet til kveldens møteleiar Jan Petter Albertsen, gjorde han nærare greie for det kommunestyret har vedteke i høve prosessen. Les meir om dette også i vår førehandsreportasje.

Den tidlegare journalisten i Sunnmørsposten, Jan Petter Albertsen, var altså valgt til å vere møteleiar denne kvelden og det var ei oppgåve han meistra godt. I tillegg til å introdusere dei to innleiarane og elles syte for at dei som ynskte å kome til orde, fekk høve til det, hadde han også sjølv spørsmål både til innleiarane og til ordføraren vår, som så absolutt bidrog til at det viktige temaet vart ytterlegare belyst. 

For meir om det dei to innleiarane hadde på hjartet, viser vil til lenkene nedanfor.

Det var også fleire som ba om ordet, etter at dei dyktige innleiarane var ferdige og alle hadde fått seg ein strekk på beina, litt frisk luft og nytrekt kaffi. Først varaordførar Eva Hove, dernest tidlegare fylkesordførar Olav Bratland, så kulturkonsulent Hallgeir Hove, kommunestyrerepresentant Per Ivar Skodjereite (SP), rektor Bjørnar Midtbust og Petter Hjørungdal (Stranda SP). I tillegg hadde både Claus Hoff og tidlegare ordførar, Ingrid Løset, konkrete spørsmål som vart fremja. På same vis som at innleiarane presenterte gode argument både "for og imot" bidrog også denne runden til at ytterlegare nye moment vart sett fokus på og nærare belyst.

Etter dette fekk fylkesplansjefen og professoren høve til å svare på spørsmåla som var blitt stilt til dei, både frå dei som hadde hatt ordet og frå møteleiaren. Dei fekk så kvar for seg ordet til slutt der dei kunne gje stordalingane råd i høve til vegen vidare og heilt til slutt vanka det vel fortjent røykalaks til såvel møteleiar som innleiarar.

Det er ikkje til å legge skjul på at det vart lagt merke til kor mange det var som hadde møtt fram og med tanke på at det er i overkant av 1 000 innbyggjarar i Stordal, er dette rett og slett imponerande. 

Sjå eigen reportasje frå møtet, på nettsida til NRK Møre og Romsdal og få elles med deg det som var med frå møtet i morgonsendingane på radioen.  Sjå også ny reportasje med utg.pkt i folkemøtet vårt, på nettsida til NRK i dag (laurdag)

Sjå også førehandsreportasjen vår for meir.

Mykje av det fylkesplansjef Helge Ole Haugen orienterte om i møtet, er å finne på fylkesmannen si side. 

Meir om kommunereforma på fylkesmannen si side.

Her kan du sjå professor Bjarne Jensen sitt innlegg.

På Lokalsamfunnsforeningen si side kan du også lese meir kommunereforma.

For fleire bilder frå det særs nyttige folkemøtet, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove