Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke når Stordal Helselag inviterer til basar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Glade vinnarar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Johan Dyrkorn i kjent stil som basarbas fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
All grunn til å smile tilfreds, også på basar nr 100! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Hornmusikklag alltid på plass fotograf Hallgeir Hove

Helselagsbasar nr 100!

Stordal Helselag sin basar sist fredag, var nr. 100 i rekkja! Heilt sidan laget vart stifta i 1914 og fram til i dag, har laget avvikla denne basaren. Ikkje ein gong okkupasjonen klarte å sette ein stoppar for det driftuge helselaget vårt! Det er ikkje vanskeleg å sjå kva for enorm betydning dette laget har hatt for lokalsamfunnet vårt og neste år er det altså klart for 100 års jubileum!    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.04.2013

Helselagsbasaren samla også denne gongen særs mykje folk, ja kanskje var det rekord? Dei siste åra har laget klart å samle inn godt over kr 70.000 på desse basarane og det vil ikkje overraske oss at det vart rekordbeløp også denne gongen.

Tradisjonen tru stilte Stordal Hornmusikklag opp og spela, det var eige loddsal på bøker og sjølvsagt servering av mat og kaffi.

Sjå gjerne omfattande bildegalleri på Stordalshallen si facebookside, for å få eit inntrykk av kor flott det er å vere med på helselagsbasar! 

I vår førehandreportasje kan du lese meir om Stordal Helselag sine flotte basarar og meir om det desse inntektene går til av ulike helsetiltak.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove