Fotograf: Hallgeir Hove
Helselagsbasaren trekkjer stadig like mykje folk! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jonas Falch har overteke staffettpinnen etter Johan Dyrkorn, som opplesar fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Heldige vinnarar mottek gevinstane sine fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tora Åmodt Moe er ei av mange som alltid stiller opp fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Norunn Viset Busengdal og Kjersti Ruset Hjelle har kontroll på loddbøkene fotograf Hallgeir Hove

Helselagsbasar nr 102, vel i hamn

Like sikkert som at vi feirar påske kvart år, er det også slik at stordalingane går "mann av huse" for å få med seg helselagsbasaren, første fredagen etter. 10. april gjekk den 102. basaren i helselaget si historie av stabelen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.05.2015

Den gode oppslutninga kring desse basarane, gjer at helselaget får inn betydeleg med pengar kvart år. Dette er pengar som kjem lokalsamfunnet vårt til nytte i neste omgong, ved at helselaget stør opp om - og syter for at - det eine tiltaket for å betre folkehelsa, etter det andre, kjem på plass. Dermed er det heller ikkje så farleg om ein kan ta med seg verken kake, fruktkorg eller plante, når basaren er slutt.

At helselagsbasaren også er ein triveleg og sosial "happening" er det heller ikkje tvil om. "Slikt no har dei ikkje i by´n", for å seie det slik, og det er all grunn til å gle seg over at denne tradisjonen vert ført vidare år etter år. 

Inger Lianes Hove, leiar i Stordal Helselag, nytta mot slutten av basaren høve til å takke dei mange som hadde stilt opp også denne gongen. Ho takka sjølvsagt også dei mange som hadde møtt fram på basaren og elles kjøpt lodd på bøkene. Sist men ikkje minst takka ho dei mange som hadde støtta opp kring basaren ved å gje flotte gevinstar.

Det var 7. klasse ved Stordal skule som hadde teke på seg oppdraget med å rigge opp og ned til basaren, noko dei løyste på meisterleg vis og det vanka også takk for innsatsen til dei.

For fleire bilder frå den flotte basaren den 10. april, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Les meir om både det fantastiske helselaget vårt generelt og om basarane deira spesielt, i våre tidlegare reportasjar.

Sjå også flott reportasje frå den 102. helselagsbasaren i Storfjordnytt

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove