Herd-jenter med super treningshelg!

Nærare 20 jenter frå Herd sitt J 16 lag var denne helga på stordalstur. Dei hadde Stordalshallen som base, trena på kunstgrasbana og på laurdagen vart det også tid til ein tur i klatreparken i Valldal. Trenar, Jan Sørbø, hadde berre lovord å kome med etter at den vellukka samlinga var over.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 02.11.2015
Fotograf: Jeanette Lien
Fotballjenter frå Herd og Stordal i skjønn forening fotograf Jeanette Lien

Den kjekke gjengen kom til Stordalshallen rundt kl 11.00 på føremiddagen og etter at dei hadde innkvartert seg i hallen, gjekk turen vidare til Valldal.

Utpå ettermiddagen laurdag - etter eit lettare måltid - var det lagt opp til fellestrening med stordalsjentene og denne økta vart også avslutta med ein sekvens der det vart spela 11 mot 11 på heile bana.

På laurdagskvelden var det taco som stod på menyen og dei tre karane i støtteapparatet gjorde super jobb på kjøkkenet.

Søndag var det så klart for meir trening på gjengen, etter at frukosten var inntatt. På programmet denne dagen, stod det også spelarmøte. Når klokka var rundt fire, var det tid for heimreise. Det er grunn til å tru at det var mange slitne bein då, men etter det vi forstår var det ein tilfreds gjeng som drog heim til byen i går.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove