Fotograf: Hallgeir Hove
Hurra for Herd G 10! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Flott gjeng å ha på besøk! fotograf Hallgeir Hove

Herd sitt G-10 lag med treningssamling i Stordalshallen

Sist helg var det 21 gutar frå Herd Spkl, som gjennomførte samling ved Stordalshallen. Det vart mange økter med fotball i løpet av opphaldet og i tillegg sjølvsagt mykje sosialt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 05.11.2012

Det var ikkje vanskeleg å registrere at gutane var meir enn klare for aktivitet då dei ankom Stordalshallen fredag kveld. Etter ei kort orientering i grendasalen var det klart for den første økta med fotball.

På menyen fredagskvelden stod det taco, og maten dei vaksne laga til fell heilt klart i smak. Etter maten var det tid for filmframsyning på storskjermen i grendasalen. Film vart det og i ein av pausane på laurdagen.

I tillegg til sjølve fotballtreningane (som også innheld ei tøff hinderløype på laurdag), nytta spelarane høve til å teste ut skuddfoten mot laseren, dei fekk testa ferdigheitene sine i minigolf og bordtennis med meir. 

Kontaktperson for laget, Britt Tøsse Aandal, slo fast at det hadde vore ei særs vellukka treningssamling. Den tidlege snøen som framleis låg på kunstgrasbana, gjorde at dei ikkje fekk nytta den til trening. Men dette var ikkje noko stort problem, i og med at dei disponerte idrettshallen under heile opphaldet.

Eit artig poeng var det og å registrere at fleire av gutane som vitja oss denne helga, hadde vore her også tidlegare i haust, anten då som alpinistar under den vellukka kretssamlinga i alpint, eller på ei av dei mange øvingshelgane til skulekorps frå ålesundsområdet. Slikt kan vi like!

Vi ynskjer gutane lukke til med dei komande kampane sine og takkar for triveleg besøk!

Les meir om gjengen på nettsida til Herd Spkl!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove