Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng frå Sportsklubben Herd! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Lars Johan Nygård og Gunnar Bratland instruerer på skytebanan fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange luftige og akrobatiske svev på teamtrack´n fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Steffen Staurset instruerer på konkurransetrampolina, medan Kjell Mulelid og Eli Søvik har full kontroll i klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
To av gutane på veg til topps fotograf Hallgeir Hove

Herd sitt G 14 - lag med vellukka treningshelg i Stordalshallen

Det var 22 gutar og seks vaksne frå Herd G 14, som gjennomførte treningssamling i Stordalshallen sist helg. I tillegg til dei mange øktene med både futsal og anna, vart det også god tid til det sosiale. Dette var på sett og vis også lagt opp som ei markering av at ein ny flott utesesong no var gjennomført.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.11.2014

Det var instruksjonsopplegg, som stod på programmet fredagskvelden. På konkurransertrampolina var Steffen Staurset på plass og i klatreveggen sytte Eli Søvik og Kjell Mulelid for at gutane fekk testa ut klatreferdigheitene sine. Lars Johan Nygård og Gunnar Bratland instruerte på skytebana og også det å få skyte med salongggevær fell tydeleg i smak. I tillegg kunne gutane halde på på teamtrack´n, teste ut ferdigheitene i minigolf og presisjonskast. Sjølvsagt vart det også mange skudd mot laseren både fredagskvelden og elles i løpet av opphaldet.

Etter at instruksjonsopplegget var over, gjekk turen til Nilsgardstunet, der vertskapet stod klare med matserveringa.

På laurdagen gjekk forståeleg nok mykje av tida med til å spele turneringar i futsal, men likevel rakk dei også å få vere med på ei knallhard økt med barmarkstrening i regi av Ingrid Busengdal frå Stordal Alpin.

For oss som hadde gleda av å ha denne gjengen på besøk, tok det ikkje lange stunda før vi skjøna at dette var ein super gjeng. Etter tilbakemeldingane å dømme, sit vi også att med eit klart inntrykk av at dei likte det dei fekk vere med på i løpet av opphaldet i Stordal.

For fleire bilder frå det kjekke besøket, viser vi til eige galleri på Stordalshallen si facebookside.

Vi nyttar høve til å takke for det trivelege besøket og ynskjer gutane lukke til, både med komande KM i futsal og sjølvsagt også det som skal skje vidare framover! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove