Fotograf: Hallgeir Hove
Hessa skolemusikkorps, ein super gjeng! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange foreldre på plass under konserten i grendasalen søndagen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Dirirgent Lars Kaggerud tilbake i kjente lokale fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Minigolf var ein av mange aktivitetar ein kunne halde på med i pausane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Tre av dei flinke leiarane som var med på øvingshelga. Korpsleiar Monica Marcelli i midten fotograf Hallgeir Hove

Hessa skolemusikkorps med vellukka øvingshelg

Hessa skolemusikkorps, med dirigent Lars Kaggerud i spissen, har denne helga vore samla i Stordalshallen. Dei om lag 30 musikantane fekk gjennomført mange økter med øving og avslutta helga med konsert for foreldra søndagen. I tillegg til all spelinga vart det sjølvsagt også tid til mykje sosialt.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.10.2012

Korpsmusikantane hadde eigen buss til Stordal og når alle hadde fått innkvartert seg, var det tid for fellesmåltid og Norske Talenter på storskjerm i grendasalen.

På laurdagen var det naturlegvis sett av mykje tid til øving, både i grupper og felles. Ekstra stas var det nok difor å kunne kaste seg ut i bassenget når klokka vart fire. I pausane var det stor aktivitet inne i idrettshallen, der det gjekk i ballspel, minigolf og forskjellig anna.

Ut på søndagen var det så tid for å halde konsert i grendasalen, for dei mange foreldra som var på plass, og rett så bra let det. Konserten varte til ca kl 15.00 og etterpå var det tid for utpakking og heimreise.  

Korpsleiar, Monica L Marcelli, var med på heile øvingshelga, saman med mange andre dyktige leiarar. Vi sit att med eit klart inntrykk av at dei hadde hatt ei vellukka helg og vi får vår del må berre nytte høve til å takke for eit særs triveleg besøk!

Sjå nokre bilder til frå øvingshelga til Hessa skolemusikkorps i vårt bildegalleri

Hessa skolemusikkorps har ei flott heimeside!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove