Fotograf: Hallgeir Hove
Alle deltakarane mottek velfortjent applaus frå dei nærare 200 i salen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Stordal Skulekorps innleia det heile fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fullsett i salen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jarm framførte "Mitt Lille Land" på vakkert vis fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Leikarringen i sving på scena fotograf Hallgeir Hove

Hipp Hurra for Astrid Overaa, borna og ungdomane!

Søndag 30. mars var det klart for familieframsyninga "Hipp Hurra!", med Astrid Overaa i hovudrolla. Med seg hadde ho fleire lokale aktørar som gjorde ein framifrå innsats på scena i Stordalshallen. I forkant av det heile hadde Stordal Skulekorps kafé i grendasalen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.03.2014

Bakgrunnen for denne framsyninga, var at frivilligsentralane på Sunnmøre, våren 2013, vedtok å markere grunnlovsjubileet med frivillige i fokus. Med seg på «laget» fekk dei Astrid Overaa, som har regien i stykket. I kvar av dei ni kommunane som setter opp stykket, er det med lokale aktørar som berre har hatt nokon få timar fellesøving saman med Overaa. Det meste er blitt øva på lokalt og Stordal var stoppestad nummer fem for Hipp Hurra!

Leiar av Stordal frivilligsentral, Bjørg Jacobsen, ønskte velkomen til ein fullsett sal, med nærare 200 frammøtte denne søndagsettermiddagen. Stordal Skulekorps og Stordal Hornmusikklag starta med den flotte marsjen «Det går et festtog gjennom landet», som er laga spesielt i høve grunnlovsjubileet. I tillegg til skulekorps og hornmusikklag var også Stordal ungdomsråd, Folkedansgruppa for barn og elevar frå Stordal skule med i stykket.

Astrid Overaa tok publikum med i ei historisk reise, der ho som «bestemor» fortalde historia til barnebarna (Paula Løset Skodjereite og Regine Jacobsen Dyrkorn). Stordal ungdomsråd dramatiserte «Eidsvolls menn» og folkedansgruppa dansa. «Vi ere en nasjon vi med» vart flott framført av Erika Amundsen og Maciek Kaniecki som solistar, folkedansgruppa og representantar frå ungdomsrådet som kor. På piano var Jenny Marita Sørås.
Som ei verdig avslutning på det heile vart songen «Mitt lille land», strålande framført av Jesper Vos, Gabriel Busengdal, Rebekka Helland, Amalie Ekroll Hove, Julie Olsen Almås og Mathilde Vinje Øvrebust.

Stordal frivilligsentral og kommunekomiteen for grunnlovsjubileet vil nytte høve til å takke alle dei involverte for den flotte innsatsen. Både dei som var på scena, ved scena og bak scena! Ikkje minst også publikum som til og med var med på allsongen. Takk også til Sparebanken Møre som har støtta prosjektet.

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje for meir om det heile

Sjå mange fleire bilder i eige galleri på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove