Astrid Overå
Astrid Overå
Fotograf: Toini Kvamme
Astrid Overaa instruerar Eidsvolls menn fotograf Toini Kvamme
Fotograf: Toini Kvamme
Astrid Overaa skal vere bestemor med Regine og Paula i stykket Hipp Hurra ! fotograf Toini Kvamme
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Frå øvinga på Ørskog 1.mars fotograf Bjørg Jacobsen

HIPP HURRA !!

Søndag 30. mars kl 18.00 kjem familieframsyninga HIPP HURRA! (PDF, 334 kB)med Astrid Overaa i hovudrolla, til Stordal og Stordalshallen. Det er gratis inngang og frå kl 17.00 er det open kafé i grendasalen, med sal av kaffi og noko attåt.

Publisert av Norunn Viset Busengdal. Sist endret 24.03.2014

HIPP HURRA! er ei historisk familieframsyning, som Astrid Overaa har skrive på bestilling frå ni frivilligsentralar på Sunnmøre. Gjennom song, dans og musikk får høyre litt av historia til Noreg dei siste 200 åra.
I løpet av mars og april skal ho besøkje alle dei ni kommunane, der frivillige lokale aktørar er med i dei ulike kommunane. Alle kommunane har med forskjellege deltakarar, alt etter kva dei har av aktivitetar i dei forskjellege kommunane. På denne måten er alle framsyningane heilt unike!
I Stordal vil desse medverke: Stordal Hornmusikklag/ Stordal Skulekorps, Folkedansgruppa for barn, Stordal ungdomsråd og elevar frå Stordal skule.
I byrjinga av mars fekk deltakarane frå Stordal bli kjend med Astrid Overaa, då dei hadde ei fellesøving på Ørskog samfunnshus. På knappe to timar hadde Astrid Overaa fått instruert og motivert om lag 30 barn og unge i opplegget. I løpet av mars har det vore øvingar både for grupper og delvis samla for å vere best mulig førebudd til framsyninga i Stordalshallen. Dette blir garantert ei flott markering i høve grunnlovsjubileet og er ei framsyning du ikkje bør gå glipp av!
Det er Stordal Skulekorps som står for kafédrifta denne ettermiddagen.

Stortinget har eigen jubileumskalender og her er familieframsyninga publisert: https://www.stortinget.no/no/Grunnlovsjubileet/Jubileumskalender1/Aktuelle-hendelser/Hendelser/Aktuelle/Kultur/HIPP-HURRA/

Arrangør er Stordal frivilligsentral, i samarbeid med kommunekomiteen for grunnlovsjubileet, samt Stordal Skulekorps som står for kafédrifta og 7. klasse ved Stordal skule (tilrigging).



   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove