Hofseth International og Fjordlaks Aqua også klar for vinnarlaget!

Logo - Hofseth International - Klikk for stort bildeLogo - Hofseth International Interessa for å vere med på Stordalshallen sitt profileringskonsept er stadig like stor. No er det ein av Europas største foredlar av laks, nemleg Hofseth International, som er klar. Hofseth International kjøpte også nyleg Fjordlaks Aqua, som driv oppdrett nettopp her i Storfjorden, og vi er sjølvsagt særs tilfredse med også å kunne presentere denne verksemda som vår nye samarbeidspartnar no.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.10.2016

Hofseth International - lokalitetar - Klikk for stort bildeHofseth International - lokalitetar Fjordlaks Aqua - sjøanlegg i Storfjorden - Klikk for stort bildeFjordlaks Aqua - sjøanlegg i Storfjorden Fjordlaks Aqua - slakteri i Ålesund - Klikk for stort bildeFjordlaks Aqua - slakteri i Ålesund Hofseth International - The Norwegian Art of Taste - Klikk for stort bildeHofseth International - The Norwegian Art of Taste Hofseth International er som nemnt ein av Europas største foredlar av laks. Selskapet har hovudkontor i Ålesund og har tre foredlingsfabrikkar på Sunnmøre, nemleg på Valderøy, Syvde og i Ålesund. Totalt har disse fabrikkane ein kapasitet på 85.000 tonn laks per år. I tillegg er Hofseth International største aksjonær og leverandør av råstoff til Hofseth Biocare som har ein fabrikk både på Midsund og på Berkåk. Sistnemnte er notert på Oslo Børs og bruker restavfall frå foredling til å produsere høy-verdi produkt som olje, protein og kalsium via ein patentert teknologi.

I juli 2016 kjøpte Hofseth International saman med sin japanske partner Alliance Seafoods det Ålesund-baserte selskapet Fjordlaks Aqua som driv med oppdrett av regnbogeaure i Storfjorden. Fjordlaks Aqua har i dag til saman 5 sjøanlegg i Stranda og Norddal kommune samt smoltanlegg både på Stranda og i Tafjord. I tillegg har selskapet eit slakteri i Ålesund sentrum. Hofseth International som ny eigar av Fjordlaks Aqua har store ambisjonar for den vidare utviklinga av selskapet og håper å kunne vere med å bidra til ei  positiv utvikling av Storfjorden som region i tida som kjem.

 

Meir om Hofseth International, på nettsida til selskapet

Hofseth International kan du også fylje på facebook

 

Vi ynskjer Hofseth International velkomen med på vinnarlaget vårt og ser fram til eit nært og godt samarbeid!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove