Fotograf: Hallgeir Hove
Hornmusikken sine konsertar held imponerande høgt nivå. Dette vil vi gjerne ha meir av! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Hornmusikklag hadde basar også i fjor på denne tida og her ser vi litt av alt det ein kunne vinne fotograf Ruth Janne Vinje

Hornmusikk-basar på fredag!

Fredag 18. januar bør du møte opp i Stordalshallen og få med deg basaren til Stordal Hornmusikklag. I tillegg til at det vert både åresalg og bøker med flotte gevinstar, vil vi også få ein minikonsert med hornmusikken. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 16.01.2013

Det er sjølvsagt veldig kjekt å vere med på basar og i tillegg er det også godt å vite at inntektene som kjem inn, er med på å bidra til at Stordal Hornmusikklag kan satse friskt også vidare framover. Vi veit alle kva det betyr, mellom anna i form av flotte konsertopplevingar.

Rett før jul, fekk vi storkonserten "The Lord of The Rings" og i ei årrekkje har dei bydd på den eine imponerande konserten, etter den andre. (sjå gjerne lenkene til tidlegare reportasjar om det unike hornmusikklaget vårt) Alt skulle difor tilseie at det vert folksamt i idrettshallen fredagskvelden. Ta også ekstra godt imot loddselgarane som er rundt om i bygdene og ringer på i desse dagar. Vi vil nemleg gjerne ha endå fleire flotte opplevingar frå den kanten!  

Stordal Hornmusikklag har eiga facebookside 

På eiga oppretta hending på facebook, kan du melde din ankomst. I tillegg er det sjølvsagt supert om du inviterer alle venner og kjent med deg på basar og minikonsert. Det er alt mange som har meldt frå at dei skal ha med seg det heile, men vi legg heller ikkje skjul på at det er grunn til å håpe på at mange fleire vil gjere det same.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove