Hornmusikkbasar med konsert, fredag 17. januar

Stordal Hornmusikklag inviterer til basar med konsert, førstkomande fredag. Det heile finn stad i Stordalshallen og startar kl 18.00.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.01.2014
Fotograf: Bjørg Jacobsen
Seinast i november 2012, hadde vi gleda av å få oppleve hornmusikklaget vårt på scena! den gongen med konserten "Around The World" fotograf Bjørg Jacobsen

Som vanleg startar det heile med at Stordal Hornmusikklag spelar 4-5 låtar, før ein så set i gong loddsalet. Det vert fire omgongar med årar, før ein trekkjer ut vinnarane på bøkene.

Det vert også kafèsal slik alle kan få seg både kaker og kaffi og rett kose seg i lag med vener og kjente.

Laget har oppretta ei eiga hending på facebook og dermed kan alle dei som nyttar seg av dette, også invitere venner og kjente med! (i tillegg til å gjere kjent at de skal ha det med dykk sjølve også då sjølvsagt!)

Ver med å støtt opp om Stordal Hornmusikklag, verkeleg ein kulturberar!

Les gjerne meir om det suverene musikklaget i våre tidlegare reportasjar. (det er berre å fylje lenkene, så kjem det eine suverene arrangementet, etter det andre, til syne!)

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove