Vårkonsert 2016 - plakat
Vårkonsert 2016 - plakat
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Stordal Hornmusikklag - I Dovregubbens Hall, november 2015 fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå vårkonserten i 2014 fotograf Hallgeir Hove

Hornmusikklaget inviterer til vårkonsert på laurdag!

Det er ingen som kan hevde at det er langt mellom dei kulturelle hendingane i Stordal. Dei to siste helgane har vi fått oppleve både UKM og Årsfest i Stordalshallen, og no kan vi gle oss til å få vere med på vårkonsert med Stordal Hornmusikklag. Det er laurdag 5. februar det skjer og konserten startar kl 18.00.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 01.03.2016

Som så ofte tidlegare, har hornmusikken med seg gjestar. Dermed får vi også oppleve både Vatne Hornmusikklag og Stordal Skulekorps. Om nokon skulle vere i tvil, så er det Nick Ost som er dirigent.  

Musikklaget har oppretta ei eiga hending på facebook og der står det m.a. også at kafeen opnar kl 17.30 og vidare at det vert loddtrekning i pausen. Vidare står det at programmet som skal framførast også skal nyttast ved Tomra Ørskogfestivalen seinare i vår. At dette kjem til å bli flott å få med seg, skal ingen tvile på! Om du har lyst, kan du kanskje dele hendinga med andre?

Det er umulig å lage ein reportasje om Stordal Hornmusikklag, utan å legge ved lenker til tidlegare suverene arrangement i deira regi Det er berre å late seg imponere!

No har vi altså muligheit til å få oppleve dei på ny og tenk at det for mange rett og slett er gangavstand til konserthallen! Vi er priviligerte! Dei dyktige musikantane startar opprigginga alt på torsdag dei, slik at idrettshallen på ny vil framstå som flott konsertarena på laurdagen. Fram til då er det også innspurt i dei musikalske førebuingane.

Vi gler oss! 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove