Logo - Hotel Union
Logo - Hotel Union
Fotograf: Hotel Union
Hotel Union klar for julebordsesongen fotograf Hotel Union

Hotel Union også på plass!

Vi har gleda av å meddele at Hotel Union, i Geiranger, har inngått samarbeidsavtale med Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.10.2012

Det ærverdige hotellet, med si rike historie heilt attende til 1891, har inngått avtale som strekkjer seg over tre år framover. For oss som har med Stordalshallen å gjere, er det sjølvsagt særs kjekt å registrere at interessa for å ta del i vårt profileringskonsept er like stor. Med dette kan vi framleis konstatere at alt av reklameskiltplass i Stordalshallen vert fyllt opp.

Meir om vår nye samarbeidspartnar:  

Hotel Union har, som nemnt, ei rik historie der det m.a. er utvida og ombygd fleire gongar. Hotellet kan i dag m.a. skilte med moderne kurs- og konferanseavdeling, symjehall, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spaavdeling og stadig nye tilbod inne og ute.

Den sterke Union-atmosfæren, med kvalitet og service i generasjonar, er vidareført med dei som i dag er vertskap i fjerde hotellgenerasjon; Monja og Sindre Mjelva.

Hotel Union har ei særs flott heimeside, der ein kan lese meir om så vel historikken, som alt det hotellet har å by på.  Mange flotte bilder i eige galleri, bidreg også til at det bør vere freistande å avleggje hotellet eit besøk.

Vi ynskjer Hotel Union velkomen med på laget og oppmodar sjølvsagt alle til å besøkje det flotte hotellet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove