Hovslia inviterer til 9 årsfest for Stordalshallen, laurdag den 18. mars!

Endeleg er det klart for ny Årsfest! Dette er altså den niande i rekkja og det er Hovslia som no inviterer. Årsfestane er blitt ein flott tradisjon som samlar alle innbyggjarane i kommunen. Også denne gongen vert det eit rikhaldig program og det er berre å gle seg!
Årsfest for Stordalshallen 2006
Hovsliarane er født på solsida!
Tradisjonen tru, startar ein med høgtidlege overrekkjingar. Stordal kommune sitt kulturstipend for 2005 skal delast ut. Vidare skal det delast ut premiar til dei som utmerka seg mest under turkonkurransen i kommunen sist år (ein innsats som var sterkt medverkande til at kommunen faktisk vann turkonkurransen i regi av Møre og Romsdal fylke). I tillegg skal den såkalla Pedroprisen delast ut også i denne gongen.

Årsfesten held vidare fram med mange programinnslag og arrangørane vil som vanleg ikkje røpe noko av innhaldet her, på førehand.

Når programmet er ferdig er det "COZY" som skal stå for dansemusikken. Også i år er det opna for skjenking av øl og vin.

Dermed er det berre å ønskje alle saman hjarteleg velkomne til årets store begivenheit i Stordalshallen!
 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove