Logo - HT Bygg Hellesylt AS
Logo - HT Bygg Hellesylt AS
Fotograf: HT Bygg Hellesylt AS
Ta deg ein kikk innom heimesida til HT Bygg Hellesylt og sjå også dømer på ei rad andre flotte hus fotograf HT Bygg Hellesylt AS
Fotograf: HT Bygg Hellesylt AS
Valldal skule er berre eitt av mange større prosjekt HT Bygg Hellesylt har stått bak fotograf HT Bygg Hellesylt AS
Fotograf: Hallgeir Hove
HT Bygg Hellesylt AS på plass for å reise tilbygget ved Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frå forskalingsarbeidet for eit par veker sidan. Dette blir bra! fotograf Hallgeir Hove

HT Bygg Hellesylt AS også med!

HT Bygg Hellesylt AS er ei av mange verksemder, som har nytta sjansen til å kome med på Stordalshallen sitt unike profileringskonsept den siste tida. Den store aktiviteten og dei høge besøkstala gjer at Stordalshallen verkeleg er blitt ein regional arena og det er sjølvsagt særs kjekt å registrere at interessa er stadig aukande, i vid forstand! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.10.2013

Stordalshallen kan med andre ord vise til ei stadig aukande interesse frå næringslivet i høve til vårt profileringskonsept, noko som gjer at all ledig reklameplass er oppteken. Rett nok er det slik at det, tid om anna, er verksemder som går ut og då av naturlege årsaker. Men nye verksemder står då klare til å overta!  

Meir om vår nye samarbeidspartnar HT Bygg Hellesylt AS:

Dei har etter kvart opparbeidd god kompetanse på større byggeoppdrag som skular, leilegheitskompleks, barnehagar, industribygg osv. Dei har også levert og oppført eit stort antal bustadar i vårt distrikt.

HT Bygg Hellesylt har tilhaldstad på Hellesylt og utfører byggeoppdrag i store deler av Sunnmøre. Firmaet vart etablert i 1992 og har sidan gradvis auka omsetninga og i 2012 hadde verksemda ei omsetning på 32 mill.

HT Bygg Hellesylt AS utfører mange og varierte byggeoppdrag som:
Bolighus, leiligheiter, hytter, næringsbygg, barnehagar, skule, driftsbygninger, totalrenovering av bygg, osv.



Med konkuransedyktige priser, effektiv produksjon og stabil arbeidskraft konkurrerer dei godt i markedet i vårt distrikt.

For meir om HT Bygg Hellesylt AS, viser vi til den flotte heimesida deira. Der kan du i tillegg sjå mange dømer på hus dei har sett opp, samt ei rad større prosjekt dei har vore involverte i, i distriktet vårt.

Dei fleste har sikkert også fått med seg at nettopp HT Bygg Hellesylt AS er dei som er i full gong med å få på plass tilbygget ved Stordalshallen!

Vi ynskjer HT Bygg Hellesylt AS velkomen med på laget!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove