Hugs å søkje trenings- og øvingstid i Stordalshallen!

Leikarringen har fast øvingstid i grendasalen  - Klikk for stort bildeLeikarringen har fast øvingstid i grendasalen Britt Ingunn Maurstad SN Det bør vere ei kjent sak at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året. Frå og med 1. januar 2017 vil nye trenings- og øvingstider verte gjeldande og ynskjer laget ditt plass, må det søkjast no! Sist frist er sett til søndag den 11. desember.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.12.2016

Tida flyg og snart har vi lagt ein ny innhaldsrik periode bak oss. Dette gjeld i høgste grad også med tanke på dei faste treningane/øvingane ved Stordalshallen. Som tidlegare år, er det behov for å gjere nokre justeringar på trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen ved nyttårsskiftet og difor må alle som ynskje trenings- og/eller øvingstid passe på å melde inn ynskja sine.

Vi held fram med praksisen der fotballgruppa sjølv tek seg av fordelinga av treningstidene seg i mellom i idrettshallen. Utgangspunktet er då framleis då at øvrige aktivitetar som t.d. leik for dei yngste, barneidrett, tae kwon do o.l. vert fordelt først - i og med at fotballen utgjer ein så stor andel av totalbruken. Det som alt er klart, er at barneidretten startar opp frå og med onsdag den 4. januar og held på fram t.o.m onsdag den 8. februar (heile hallen, samt grendasalen). Vidare held leik for dei yngste fram med sine økter på tysdagane frå kl 17.30 til kl 18.30 (sal 1). Om det er fleire som ynskjer treningstid i idrettshallen, veit vi først etter søndag den 11. desember. 

Søknadsskjema finn du nedst på sida her.

Det er fint at søknadane som gjeld fotballtrening (altså frå kvart av dei aldersbestemte laga) vert sendt både til oss og til leiarane i fotballgruppa. Her er det også freistande å oppmode alle om å sjå etter muligheiter for å trene saman, på tverss av aldersgrupper. Kan fort bli betre treningar også dette, i tillegg til at det blir samla sett blir meir treningstid på den einskilde.

Søknadsskjema (PDF, 110 kB)

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove