Hugs å søkje treningstid!

Det bør vere ei kjent sak at trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen vert fordelte to gongar i året. Frå og med 1. januar 2016 vil nye trenings- og øvingstider verte gjeldande og ynskjer laget ditt plass, må det søkjast no! Sist frist er sett til søndag den 13. desember.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 07.12.2015
Fotograf: ITF Storfjord Taekwon-do klubb
Taekwon do er ein av dei relativt nye aktivitetane i Stordalshallen fotograf ITF Storfjord Taekwon-do klubb

Tida flyg og snart har vi lagt ein ny innhaldsrik periode bak oss. Dette gjeld i høgste grad også med tanke på dei faste treningane/øvingane ved Stordalshallen. Som tidlegare år, er det behov for å gjere nokre justeringar på trenings- og øvingstidene ved Stordalshallen ved nyttårsskiftet og difor må alle som ynskje trenings- og/eller øvingstid passe på å melde inn ynskja sine. 

Den hausten vi har lagt bak oss no, gjennomførte fotballgruppa eit møte der disponible treningstider vart fordelte. Utgangspunktet var då at øvrige aktivitetar som t.d. leik for dei yngste, barneidrett, tae kwon do o.l. vart fordelt først - i og med at fotballen utgjer ein så stor andel av totalbruken. Det ein veit brukar vere praksis, er at barneidretten ynskjer plass i idrettshallen etter at dei er ferdige med symjinga fram til nyttår. Vidare veit ein at alpingruppa plar avslutte sine treningar i idrettshallen før jul.

Søknadar som gjeld fotballtrening vil bli sendt vidare til denne gruppa, slik fordelinga kan skje i tråd med ynskja derifrå.   

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove