Fotograf: Hallgeir Hove
Kva tilbod skal m.a. desse karane få i tida som kjem? fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ynskjer vi eit mangfald av tilbod og i tilfelle; kva kan vi gjere for å lukkast? fotograf Hallgeir Hove
Rullestolbrukar møter hinder
Tilrettelagt for alle?
Rune Sjåholm
Rune Sjåholm er organisasjonssjef hjå Møre og Romsdal idrettskrets
Ulrik Opdal
Få har betre kjennskap til idretten og frivilligheita, enn Ulrik Opdal

Hugs framtidskvelden!

I kveld kan DU vere med på ein prosess der vi i FELLESSKAP, kan stake ut kursen for korleis vi ynskjer at lokalsamfunnet vårt skal utvikle seg i åra framover.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 10.05.2012

Framtidskvelden rettar ekstra fokus inn mot idrett, fysisk aktivitet og frivilligheit. Idrett og fysisk aktivitet femnar i røynda om alt frå den uorganiserte leiken, til friluftslivet, konkurranseidretten, i høve til tilrettelegginga for alle, osv osv.  

Sentralt i det som gjeld idrett og fysisk aktivitet står dette med frivilligheita og difor har vi valgt å slå saman dette under framtidskvelden. Det er likevel vesentleg å peike på at frivilligheita sjølvsagt også er viktig på mange andre områder enn det som gjeld idrett og fysisk aktivitet. Også difor er framtidskvelden i aller høgste grad for ALLE!

Normalt er det slik at mange har eitt eller anna viktig gjeremål, som skal utrettast. Det er likevel å håpe og tru at flest mulig ser poenget med at ein av og til kan løfte blikket og sjå litt lengre framover. I kveld bør du difor sjå etter muligheita til å få med deg møtet, i staden for å tenkje at du berre få gjort dette andre. Det har no gått mange år sidan sist vi køyrde eit liknande opplegg her hjå oss og også slik sett er det kanskje naturleg å forvente at oppslutninga på møtet vert bra.

Det er Rune Sjåholm (organisasjonssjef) og Ulrik Opdal (m.a. anleggsrådet m.m.m) frå Møre og Romsdal idrettskrets som har regien i kveld og dei har altså køyrd liknande opplegg rundt om i kommunane i Møre og Romsdal heilt sidan 2000!

Vi har tidlegare sendt ut e-post til alle lag og organsisasjonar vi har oversikt over. I tillegg har vi sendt til råd og til kommunale etatar m.m. Vi håper sjølvsagt at alle dei som har fått den e-posten og du som les dette, gjer det de kan for å få med dykk flest mulig til møtet i kveld. 

Det vert baguettar, kaffe m.m.

Det heile skjer altså i Stordalshallen i kveld (torsdag 3. mai) og det startar kl 18.00.

Vel møtt, alle saman!

Sjå gjerne også vår tidlegare reportasje om framtidskvelden HER

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove