Hurra for den 17. mai!

17. mai 2018 - toget i Stordal - Klikk for stort bilde17. mai 2018 - toget i Stordal Hallgeir Hove

Det vart nokre flotte feiringar av nasjonaldagen vår, både på Dyrkorn og i Stordal. Strålande sol og akkurat passe varmt - ikkje minst for dei mange bunadskledde - bidrog også til at dette vart ein suveren dag. Også arrangementsmessig, gjekk alt som det skulle og dermed kan alle sjå tilbake på nok ei vellukka feiring av nasjonaldagen vår.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.05.2018

17. mai 2016 - tog på Dyrkorn - Klikk for stort bilde17. mai 2016 - tog på Dyrkorn Bjørnar Midtbust 17. mai 2018 - Amalie, flankert av rådmann og stolt og rørt mor - Klikk for stort bilde17. mai 2018 - Amalie, flankert av rådmann og stolt og rørt mor Hallgeir Hove 17. mai 2018 - leikar på stadion - Klikk for stort bilde17. mai 2018 - leikar på stadion Hallgeir Hove 17. mai 2018 - kulturkveld - Klikk for stort bilde17. mai 2018 - kulturkveld Hallgeir Hove

På Dyrkorn var det, som vanleg, velforeninga som stod bak arrangementet og det vart ein flott dag med ei fin feiring der. Toget gjekk frå grendahuset og til Bakkeplassen med hornmusikken og skulekorpsmedlemmar frå Dyrkorn på plass. Knapt nokon annan stad, kan ein vise til ei så flott utsikt frå 17. mai-toget som det ein kan på Dyrkorn. Servering av gryterett, pølser, is og kake ved grendahuset, høyrer alltid med og sjølvsagt mange kjekke leikar for både små og store.

I Stordal starta toget frå sentrum kl 10.45 og som alltid med ein sving innom Stordalstunet, der det vart spela og sunge for bebuarane, før ferda gjekk vidare til Stordal bygdetun. Det var rådmann, Anne Berit Løset, som var programleiar ved bygdetunet og etter å ha ynskt velkomen, peika ho på at også årets arrangement bar preg av at mange hadde bidratt og at dette er eit kjenneteikn når det gjeld det meste av det som skjer i lokalsamfunna våre. (I år var det ikkje ei eiga grend som stod bak, i og med at Dyrkorn har si eiga feiring. I 2019, vil vi då vere "i rute igjen", når det er Hovslia sin tur til å arrangere. Dyrkorn har Årsfesten i 2019 og Hovslia i 2020)

Ein av dei som alltid stiller opp på nasjonaldagen vår og bidreg til solid salutt, er Kjell Magne Moe. Kjempeflott! Så er det naturlegvis verkeleg på sin plass å trekkje fram skulekorpset og hornmusikken. Ikkje minst på dagar som dette, får ein verkeleg stadfesta kor heldige vi er som har dei! Vi fekk også oppleve korpsa under kulturkvelden i Stordalshallen og sjølv etter ein lang dag med mykje speling imponerte dei også der. Vi let oss ikkje minst imponere over dei mange unge musikantane som spela, som om dei hadde vore med i hornmusikken i mange, mange år. All ære til både musikantane sjølve og naturlegvis også deira dyktige læremeister, Nick Ost!

Men tilbake til programmet ved bygdetunet. Det er fast tradisjon at det vert helde tale for dagen der og i år var det Amalie Jacobsen Dyrkorn som stod for den. Ungjenta, som også vart valgt inn i kommunestyret ved sist val, viste at ho meistra også denne oppgåva med glans. Som programleiaren var inne på, når ho overrekte blomster til Amalie, kan vi med rette hevde at vi har ein fantastisk flott ungdom i kommunen vår. At årets 17. mai-talar verkeleg også er ein god representant for dei, er det liten tvil om.

Per Magne Øvrebust tok oppdraget knytt til det lydmessige ved bygdetunet, sjølvsagt då innimellom at han også brukte store delar av dagen i lag med dei andre i Stordal Hornmusikklag.

Siste på programmet ved bygdetunet, var gudsteneste i Rosekyrkja og som alltid med deltaking frå Stordal Hornmusikklag også der.

Kl 15.00 starta så leikane ved Kirkebø Stadion og 9. klasse stod bak flott organisering av dei. Som vanleg pryda elev-teikningar vindauga på skulen og inne i Stordalshallen var det laga til kafe med alskens gode kaker. Dette var det skulekorpset som organiserte.

Kulturkveld i regi av Stordal ungdomsklubb vart det også denne gongen, med Levent og Emre Øcalan som dugande programleiarar. I tillegg til nemnte flotte innslag frå korpsa, under leiing av Nick Ost, fekk vi også høyre Big Valley Voices framføre vakker song. Det same må vi kunne seie om Kristine Ulvestad og Maciek Kaniecki. Rørande vakkert. På piano fekk vi høyre eit avansert stykke av Edvard Grieg flott framført av Josef Nedregård. Han sluttar aldri å imponere oss. Fride Sylte Hove og Susanna Marie Tafjord imponerte også på piano. Ikkje nok med at dei spela begge to, dei delte faktisk på eitt og same piano! Det er berre å prøve, for den som vil. Enkelt er det iallefall ikkje å få til eit så flott samspel på eitt og same instrument. Lasse Døving gjorde som vanleg også ein fortreffeleg jobb når det gjeld lyd og lys.

Før korpsa fekk spele siste nummeret frå scena, var det også trekking av vinnarar i lotteriet. Ganske så nøyaktig 1 time etter at publikum hadde forlete idrettshallen, var alt nedrigga og kome på plass att. Nok eit døme på dette med at når mange stiller på, så er dette ei overkomeleg oppgåve. Det er ikkje første gongen ein riggar opp og ned heller, for å seie det sånn. Det var alle som går på ungdomssteget, inkl foreldre, som hadde dette oppdraget.  

I fare for å ha gløymt nokon, er det på sin plass å til slutt takke alle som var med og bidrog til den flotte feiringa av dagen, både på Dyrkorn og i Stordal. Vi har også denne gongen mange bilder frå feiringa og også desse er med på å dokumentere kor flott det heile var. Sjå eige galleri med 215 bilder på Barnas kommune si facebookside og sjøvsagt også på Stordalshallen si facebookside.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove