Hurra for Gursken Skulekorps!

Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove

Denne helga var det Gursken Skulekorps som vitja Stordalshallen og for eit korps dette var! Ikkje berre var dei mange, med nærare 50 musikantar og totalt nærare 60 personar, men i tillegg virka dei vere ein einaste stor familie. I tillegg til at det var tettpakka program ved Stordalshallen, tok dei seg også tid til å halde konsert på allmenningen i Stordal, på laurdagen.  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 12.06.2017

Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove Gursken Skulekorps - Klikk for stort bildeGursken Skulekorps Hallgeir Hove

No var det i utg.pkt ikkje opplagt at denne supre gjengen kunne kome til Stordal denne helga. Grunnen til det var nemleg at det alt var sett opp konsert med Big Valley Voices og det var eigentleg ingen andre helgar som passa. Men takka vere både god velvilje frå konsertarrangørane og kreativitet frå korpset si side, vart det likevel mulig. Gjengen frå Gursken la nemleg inn ein stopp i Spjelkavik dei, med m.a. bowling og restaurantbesøk og så kom dei til Stordalshallen først når alt der var nedrigga etter ein suveren konsert. No hadde såvel små som store fått oppleve ein heil del allereie og også lagt ei bra reise bak seg og dermed var det ingen som hadde noko imot å berre inkvartere seg å få ei natts søvn. Det vart elles ein ganske så stilig ankomst til Stordalshallen, reine paraden, i og med at det måtte rundt 15 bilar for å frakte heile gjengen.

Laurdagen var det fellesøving som stod på programmet, sjølvsagt etter ein god frukost. Når klokka nærma seg 14.00 var det tid for å forflytte seg mot sentrum og utekonsert der. Almenningen danna ei flott ramme kring konserten og korpset nytta også høve til å ta nytt framsidebilde til facebooksida si der. Det var rett og slett flott å høyre korpset i aksjon. Ja, å sjå det også sjølvsagt, der dei stod oppstilt i sine flotte uniformer. Så gløymer vi heller ikkje å nemne den flotte drillen. Dei som utførte drillen, veksla mellom dette og å traktere instrument på utmerka vis. Det kom til stadig fleire, etterkvart som korpset spela og dei klarte faktisk også å spele fram sola! Etter mange ekstranummer, til stor glede for oss som høyrde på, vanka det is til heile gjengen, sponsa av COOP Marked Stordal.

Så gjekk turen tilbake til Stordalshallen, der det vart meir fotografering, før dei kunne pakke fint vekk uniformene sine og dra på "shopping" i Stordal. Då handla det nok mest om det viktigaste, nemleg laurdagsgodt.

Etterkvart kom teamtrack´n på plass, så frå rundt ca kl 16.00 på laurdagen og truleg omtrent heilt til avreise midt på dag søndag, var denne i bruk. (med unntak av når dei sov då!). I tillegg rigga vi til minigolf, skuddlaser og bordtennis, Vi laga vidare til bane for innebandy. Kl 1730 kom Helga Øverbust, Marie og Jørgen Larsen Stavseng og gjorde klart i klatreveggen. Ganske så nøyaktig kl 18.00, var det så klart for klatring og sjølvsagt alle dei andre aktivitetane. Nokre spela badminton, andre nytta ulike balanseapparat, eller rett og slett fekk med seg den store aktiviteten i klatreveggen. Stor takk til Helga, Marie og Jørgen, som stilte på der. Kjempeflott! Etterkvart som klokka nærma seg 20.00, var grillarane ferdige med både hamburger og pølse. Grillinga vart utført på plassen utanfor Stordalshallen og takk til Stordalscup for lån av både grill og grilltelt. (det kom nemleg nokre regndråpar utover kvelden..) Før gjengen forflytta seg til grendasalen og mat, rakk vi også å få delt ut t-skjorte til dei. Medan dei fekk i seg vel fortjent og nydeleg god grillmat, rigga vi opp volleyballnett og dermed var det klart for meir action så fort maten var inntatt. Dei som ikkje spela volleyball, kunne som nemnt boltre seg på teamtrack´n, eller rett og slett slappe av etter ein hektisk dag.

Også på søndagen vart det tid til frileik i idrettshallen, før ein måtte pakke og gjere klart for heimreise rundt kl 13.00. Med ein slik super gjeng, gjekk det også veldig fint å få rydda alt saman på plass og gjort hallen klar til fotballgruppa som berre kort tid etter kom for å rigga hallen om til folkefesten komande helg. Når ein då tenkjer på at det først var rigga til konsert på fredagen, for så full idrettsaktivitet både laurdagen og søndagen, for så å rigge til cup att på søndag, må ein seie at det var god utnytting av lokalitetane og enorm aktivitet. Tek vi med at kretslaget i langrenn var på plass ved skulen heile helga og at det var miniturnering på stadion på søndagen, ja så skjønar ein at det var folksamt i området.

Etter det vi fekk inntrykk av, hadde gjestane våra frå Gursken hatt ei super helg og det var fleire som gjerne kunne tenkt seg å ha vore her lengre. Men truleg var det nok godt å få kome heim og få ligge i eiga seng søndagskvelden, etter all den aktiviteten denne helga inneheldt.

Vi nyttar høve til å takke det supre korpset for eit veldig kjekt besøk og gjentek gjerne at det var ei stor ære for oss å kunne få ta imot dykk. Folk i Gursken og omegn, er heldige som har eit slikt flott korps.

Sjå eigen førehandsreportasje

Sjå eige bildegalleri frå Gursken Skulekorps sitt besøk, på Stordalshallen si facebookside

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove