Fotograf: Hallgeir Hove
Geirfinn Kvalheim var imponert over Kirkebø stadion fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Geirfinn Kvalheim var imponert over Stordalshallen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Kjekt med besøk frå Norges Fotballforbund fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: John Kristian Hjelle
Kirkebø stadion, Stordalshallen og Stordal skule (NB! Før nye Stordal skule stod ferdig) fotograf John Kristian Hjelle

Hyggeleg visitt frå Norges Fotballforbund

Anleggskonsulent Geirfinn Kvalheim frå NFF, vitja oss i går og det er ikkje til å legge skjul på at han likte det han fekk sjå. Han var imponert over både Kirkebø stadion og Stordalshallen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 24.08.2012

No skulle vi gjerne hatt mykje lengre tid på oss til å vise rundt, men NFF representanten var eigentleg på veg vidare til Norddal kommune, der det også er snakk om å få til kunstgrasbane. Dermed vart det ei lita runde ned på bana og ein kjapp tur innom Stordalshallen. I tillegg rakk vi å fortelje litt om alt det andre vi har fått til, både i høve til anlegg, aktivitet m.m.

Kvalheim var imponert over både stadionanlegget, Stordalshallen og det som elles vart peika på. Når det gjeld kunstgrasbana spesielt, så såg han at det var gjort ein god jobb også i høve til grunnarbeidet i og med at den var jamn og fin. Han såg også lett at det vert gjort ein god jobb i høve til dette med regelmessig sladding av bana, noko som dermed vert ein direkte og vel fortjent ros til Jøran Gudmestad for den flotte jobben han utfører!

For at bana skulle bli endå betre, peika han på at det med fordel kunne vore endå meir gummigranulat i dekket, då dette ville gje ei endå mjukare bane. I tillegg fortalte han at det er lurt å køyre ein årleg djuprens på kunstgraset. 

Vi takkar for det trivelege besøket og ser fram til å ta imot også ved seinare høve. Då vil vi gjerne ha endå betre tid på oss og dermed få gjort litt ekstra stas på gjesten/gjestane.  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove