I god form!

I tidlegare reportasje har vi omtala framtidskvelden Møre og Romsdal idrettskrets hadde her den 3. mai. Oppsumeringa vi har fått frå organisasjonssjefen, kan tyde på at det står bra til. Samstundes finn ein fleire konkrete innspel, som kan bidra til at vi kan verte endå betre. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 22.05.2012
Fotograf: Hallgeir Hove
Rune Sjåholm var godt nøgd med både posessen og "forma" til Stordal fotograf Hallgeir Hove

Ein vesentleg del av prosessen på slike framtidskveldar, er først å kartlegge korleis det står til. Ser ein på tilbakemeldingane deltakarane på framtidskvelden gav, fordeler desse seg slik:

Idrett, fysisk aktivitet og frivilligheit:

22 kryssa av for "god form", medan ingen meinte at vi var i "dårleg form". (ein kryssa av "midt i mellom")

Friluftsliv:

23 kryssa av for "god form", medan ingen meinte at vi var i "dårleg form".

Frivilligheit:

23 kryssa av for "god form", medan ingen meinte at vi var i "dårleg form".

Aktivitetsmangfald:

23 kryssa av for "god form", medan 3 meinte at vi var i "dårleg form".

Samhandling mellom kommunen og det frivillige:

22 kryssa av for "god form", medan 1 meinte at vi var i "dårleg form".

Med bakgrunn i desse avkryssingane kan ein nok konkludere med at deltakarane på framtidskvelden opplever at det står bra til på mange områder her hjå oss. Dette er sjølvsagt gledeleg. I tillegg bidrog framtidskvelden til at det kom inn ein heil del innspel på tiltak som kan gjere at vi vert endå betre. I rapporten idrettskretsen har sendt oss, kjem også det meste av dette fram. Rett nok er det her lista opp ein del, som alt er på plass, eller er i ferd med å kome på plass (m.a. som eit resultat av at det ligg føre godkjente spelemiddelsøknadar)

Kjekt er det også å registrere at Rune Sjåholm var særs godt nøgd med prosessen her. For å bruke hans eigne ord: "Engasjementet som ble vist gjennom de ulike fasene i prosessen / ”treningsøkta” var upåklagelig" 

Sjå rapporten i si heilheit, som pdf vedlagt nedst på sida.

Sjå gjerne også vår tidlegare reportasje om den vellukka framtidskvelden.

Vi kjem sjølvsagt attende med meir om planarbeidet vidare, både når det gjeld revidering av eksisterande plan for idrett og fysisk aktivitet og utarbeiding av eigen frivilligplan. 

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove