Fotograf: Hallgeir Hove
Hurra for idrettsfag ved Ålesund videregående skole! fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Fotball med briller av pappbeger bør du prøve. Skal love deg at det ikkje er enkelt.. fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Bra nivå også på det studentane presterte på volleyballbana fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Nokre av studentane i gong med å ladde magasina, medan Jostein Myrvang ser til at det vert gjort på rett måte fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei av gruppene viser fram resultata sine. Instruktørane er Lars Johan Nygård og Jostein Myrvang fotograf Hallgeir Hove

Idrettsfagselevar ved Ålesund vgs med vellukka ekskursjon

Om lag 50 idrettsfagselevar og 3 lærarar frå Ålesund videregående skole, samt 2 studentar frå Høgskulen i Sogndal, var på plass i Stordalshallen frå onsdag t.o.m fredag denne veka. På programmet stod det i all hovudsak langrenn (på dagtid), og då under supre forhold på Langsætrane, medan dei var innom ei rad ulike aktivitetar i Stordalshallen på kveldstid. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 09.03.2015

Onsdagskvelden var det lagt inn ei økt på 2 (vart vel nærare 3..) timar der alle saman m.a. fekk køyre to seriar à fem skudd kvar, med salonggevær. Heilt klart populært og stor takk til Lars Johan Nygård og Jostein Myrvang som stilte på og instruerte. I tillegg til skytinga hadde dei to praksisstudentane ein stasjon med artige leikar, det var fotball på ein sal og volleyball på den siste. I grendasalen var det også ein eigen stasjon der elevane fekk lære meir om førstehjelp.

På kveldstid torsdagen var det lagt opp til volleyballturnering, i tillegg fekk alle som ville det, teste ut klatreveggen.

Forholda på fjellet var heilt suverene den første dagen (onsdag) i og med at Sven Tore Busengdal hjå Stordal Fjellservice, hadde køyrt heilt nye, flotte spor, dagen i førevegen. Også på torsdagen hadde dei hatt det flott på fjellet, sjølv om det den dagen hadde komt ein del nysnø.

Studentane var inndelte i grupper og hadde fått ulike ansvarsoppgåver under opphaldet. Slik vart også matlaginga sikra og heile gjengen kunne innta dei nydeleg måltida i fellesskap i grendasalen.

Fredagen gjekk med til å vaske, pakke seg ut og få ordna og rydda på plass i Stordalshallen og vi hadde eit bestemt inntrykk av at dei hadde hatt tre flotte dagar i Stordal også denne gjengen.

Sjå gjerne også reportasjen frå i fjor, då idrettsfagselevar frå ÅVGS også var på plass.

Sjå eige galleri med mange fleire bilder frå ekskursjonen, på Stordalshallen si facebookside.

Då står det berre att for oss å takke for nok eit triveleg besøk frå studentar frå Ålesund vidergående skole!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove