Fotograf: Hallgeir Hove
Liabygda Idrettsskule fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Mange som imponerte i klatreveggen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er gjengen samla og klar til å klatre til topps fotograf Hallgeir Hove

Idrettsskulen i Liabygda på kjekt besøk

I går kveld, var det idrettsskulen i Liabygda som besøkte Stordalshallen. På programmet stod m.a. klatring, team-track og innebandy.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.12.2014

Det er ikkje første gongen vi har besøk av barn og unge frå Liabygda og det er alltid like kjekt kvar gong.

No var det om lag 15 unge med og dei vart delt inn i tre grupper, slik dei fekk ei økt i klatreveggen, på team-track`n og også ei økt med innebandy. Det var upåklageleg innsats og tydeleg at dei hadde det kjekt.

I klatreveggen var Kjell Mulelid på plass og instruerte, og med underteikna som medhjelpar. Det er verkeleg på sin plass å gje ekstra honnør til den godeste Kjell, då det ikkje er så reint få gongar han har stilt på, også dette siste året. I tidlegare reportasjar kjem det fram at han ikkje er åleine, då det er fleire både i klatreveggen, på trampolina og på skytebana som stiller opp. Men Kjell er nok den som har desidert flest "oppdrag" den siste tida.

Vi nyttar også høve til å takke for triveleg besøk og ynskjer liabygdarane velkomne tilbake også ein annan gong.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove