Fotograf: Hallgeir Hove
Eitt av mange flotte innslag der ei rekkje unge spela saman fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er ein av dei mange dugande pianistane i sving fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Eit flott band beståande av mange av dei eldste kulturskule-elevane fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ei som verkeleg har god lyd i tverrfløyta si fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Rektor som har all grunn til å vere nøgd med elevane sine fotograf Hallgeir Hove

Imponerande, som vanleg!

Stordal kulturskule si avslutning i går kveld, stadfesta på ny den enorme musikkinteressa som rår i kommunen vår. Heile 60 barn og unge var i sving og dermed faktisk ei utfordring i høve til å rekke over alt, på ein konsertkveld. Ingen av dei 150 stolane i grendasalen stod tomme og responsen frå publikum tala sitt tydelge språk.    

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 14.06.2013

Kulturskulerektor, Bjørnar Midtbust, har all grunn til å vere stolt over elevane sine. Han passa også sjølv på å gje mykje ros til dei mange dyktige lærarane/instruktørane og for den innsatsen dei legg ned i løpet av året. 

Lydmann og lærar, Jarle Helgesen, fekk også skryt for jobben og til liks med han, er det fleire som har stått ekstra på også dei siste dagane, for å ha alt klart til avslutningskonserten. Ein av desse er lærar ved kulturskulen, Mass Peter Jelle. I tillegg la han ned eit imponerande stykke arbeid i går kveld, der han sprang rundt på scena og sytte for at alle til ei kvar tid hadde det dei trengte av mikrofonar, notestativ og anna. Om nokon fekk vanskar med instrumenta sine, fiksa han også det!  

No vert det naturlegvis alt for omfattande å skulle skildre alt det flotte vi fekk oppleve på scena i går, men mykje kan også seiast ved hjelp av bilder. Bildegalleriet vårt kan slik sett vere kjekt å kike på. Dette finn du på Stordalshallen si facebookside.

Stor takk til alle som var med og bidrog til ei ny strålande kulturskuleavslutning!

Sjå gjerne også vår førehandsreportasje, der vi m.a. ser attende på liknande flotte arrangement dei siste åra.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove