Logo - TAFJORD
Logo - TAFJORD

Informasjonsmøte om fiberutbygging i Stordal

TAFJORD og Ørskog Energi startar no opp med fiberutbygging i Stordal. I den samanhengen inviterer dei til informasjonsmøte i Stordalshallen, torsdag den 6. juni.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 31.05.2013

Kommunen har dei seinaste åra hatt ein stor pågang spesielt frå næringslivet i forhold til ei slik ønska utbygging. 

Prosjektet let seg realisere m.a. gjennom at det lokale næringslivet har bidratt med RDA-midlar og kommunen har vore "på høgget" og søkt og fått tildelt statlege HØYKOM-midlar.
HØYKOM-midlar og næringslivet sitt bidrag med RDA midlar utgjer til saman 2.450.000,- i anleggstilskot til utbygginga av fiber til private og næringsliv.

Stad: Grendasalen i Stordalshallen
Tid: Torsdag 6. juni kl. 18.00

Sjå elles invitasjonen frå TAFJORD (nedst på sida). Denne er også sendt ut til alle husstandane i Stordal

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove