Fotograf: Ruth Janne Vinje
Det var som vanleg stor rift etter årane fotograf Ruth Janne Vinje
Fotograf: Ruth Janne Vinje
Gutane fyl spent med og er kjapt oppe av stolen, berre dei rette tala vert opplesne fotograf Ruth Janne Vinje

Innbringande og flott helselagsbasar også i år

Om det er noko som verkeleg er tradisjonsrikt her i Stordal, ja så er det helselagsbasaren. Kvar første fredag etter påske skjer det, og når årets utgåve var nr 103 i rekkja, kan vi vel ha lov til å kalle dette for ein tradisjon. Det vert meldt om god deltaking, stor vilje til å stille opp - ikkje minst med flotte gevinstar - og dermed kan helselaget gle seg over rekordstor inntekt også denne gongen.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.04.2016

Leiaren i helselaget, Inger Lianes, er imponert over den store viljen til å stille opp for laget og ho vil gjerne få takke alle som ein. Etter det vi forstår er det snakk om inntekter på over kr 80.000,-, noko som vel må kunne hevdast vere eineståande.

Det var fem gongar med åresal og det var sjølvsagt sal på bøkene. Matserveringa denne gongen vart gjort slik at folk kunne forsyne seg sjølve og når dei ville. Dermed var basarkvelden litt meir effektivt gjennomført.

Stordal Skulekorps var på plass og underheldt med stykka dei hadde øvd inn i samband med Tomra - og Ørskogfestivalen den 9. april og no i ettertid (og i skrivande stund) veit vi endå meir om kor flott dette let. Korpset gjekk nemleg til topps i sin divisjon det! (sjå eigen reportasje)

Stordal Helselag står - som dei fleste veit - bak ei rad tiltak her i Stordal kommune, som alle er helsefremjande. Det er også slik at dei støttar opp om andre sine helsefremjande tiltak. Slik sett kan det vere greit å kjenne til at det er lov å ta kontakt med laget og finne ut om nettopp det tiltaket de står bak, kan ha muligheit til å få økonomisk støtte. 

Sjå førehandsreportasjen vår for mykje meir om helselaget vårt!

Sjå også fleire bilder frå basaren i eige galleri på Stordalshallen si facebookside!

Vi er heldige!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove