Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Bjørg Moltu hadde skrive eigen song til jubilanten. Denne vart framført av Ole H Busengdal, saman med eit knippe unge utøvarar. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Sindre Helland overrekte flott gåve til SIL. Det er Vigdis Hove Øie (leiar) som tek imot. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Leiarane for dei ulike undergruppene i laget mottok velfortent applaus. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Svein Sæter og Petter A Busengdal tok oss med attende til tilhøva og artige episodar ved bana på Mo. fotograf Bjørn Steinar Skarbø
Fotograf: Bjørn Steinar Skarbø
Det kunne vere ganske så tungt å arrangere skirenn i tidlegare tider. Her ser vi Petter A Busengdal, Odd Kvammen og John K Hove, skildre det heile. fotograf Bjørn Steinar Skarbø

Innhaldsrik og fin jubileumsfest.

Stordal IL sin jubileumsfest vart avvikla sist laurdag og det heile vart både innhaldsrikt og flott. Det var over 350 som hadde meldt seg på og dei fekk vere med på ei stilfull markering av at idrettslaget vårt har vore aktivt i 90 år.
Idrettslaget har ei rik historie og i tillegg er det få som kan vise til maken, når ein ser på kva laget har fått til. Anleggstilhøva er unike, aktiviteten særs høg og i tillegg står laget bak ei uendeleg rekkje med flotte arrangement, året rundt. Kanskje den viktigste einskildfaktoren bak alt dette, er den eineståande dugnadsånda som rår. Sjølv om det dei fleste andre stadar er slik at denne "smuldrar hen", kan det verke som om denne berre vert sterkare og sterkare her hjå oss. Å gjere noko forsøk på å talfeste dette, er så å seie umogleg. Festen på laurdag vart uansett ein flott hyllest til eit lag som kan vise til så uendeleg mykje positivt og som har hatt ei mengde med eldsjeler i generasjonar etter generasjonar.

Bildekavalkadar, filmopptak, songar, sketsjar og tekstar var med på å gje publikum eit innblikk i mykje av alt det laget står for. Det er mykje arbeid som ligg bak også dette og når ein i tillegg trekkjer fram den flotte jubileumsutgåva av Stordalingen, vert dette ekstra imponerande.

Les flott reportasje frå festen, i Storfjordnytt (lenke nedanfor)

Sjå også førehandsreportasjen, der du også kan laste ned den flotte jubileumsutgåva av Stordalingen. (lenke nedanfor)

(Du finn fleire bilder frå festen, i Stordalshallen sitt bildegalleri)

Gratulerer med jubileet, den flotte markeringa og ikkje minst; Alt det positive idrettslaget har utretta i løpet av alle disse åra!

Lukke til vidare, også i åra som kjem!

....og sist, men ikkje minst; TAKK!


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove