Fotograf: Hallgeir Hove
Tilbygget er på det næraste ferdig no og vil ta seg flott ut (dette bildet er frå nov 2013) fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Alfred Johansen, Jonas Falch og Ole Magnar Øvrebust i sving, måndag 5. mai fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Ole H Stavseng og Harry Tøsse tok til med å legge panel på veggane i utstyrsrommet fotograf Hallgeir Hove
Tilbygg Stordalshallen - grøntområde
Her ser ein kvar det skal lagast til grøntområde utanfor tilbygget. Dette blir kjempeflott!

Innspurten har starta!

Etter ein påskepause og nokre dagar der det har vore entreprenørar i sving, er dugnaden i gong att både på dagtid og kveldstid i tilbygget vårt. Vi er no for alvor inne i innspurten der målet er at vi kan ta det flotte tilbygget i bruk alt til Stordalscup, siste helga i juni. 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 06.05.2014

Det imponernade dugnadsarbeidet utført i samband med tilbygget, er relativt grundig dokumentert både på heimesida vår og på eiga oppretta side på facebook.

Når ein no er i gong med å få siste del av gipsplater på plass og ein i går kveld også tok til med å kle utstyrsrommet med panel, er det forsvinnande lite som står att sett i høve til alt det som er utretta sidan oppstarten med grunnarbeidet hausten 2013.

Etter planen vil også arbeidet utomhus starte opp denne veka og då slik at det rett etter 17. mai skal vere klart for å så grasfrø på det som skal bli flotte grøntområder utanfor Stordalshallen. Sjølve grovarbeidet her vil Busengdal Transport AS utføre, men før ein kan så, vil det bli behov for å fjerne stein og rake (finjamne) desse områda. I den samanheng ynskjer ein at mange er positive til å stille opp med jernrive og vere med på å få laga det til skikkeleg fint også på utsida av tilbygget. Dette er elles eit arbeid som bør passe for dei fleste, så om du er ein av dei mange som har etterlyst arbeid som ikkje krev dei heilt store snekkerferdigheitene, har du sjansen til å melde deg no. Etter planen vil denne jobben kunne bli utført rett etter 17. mai (altså veke 21). Du melder enkelt og greitt tilbake, ved å sende ein e-post til hallgeir.hove@stordal.kommune.no Legg gjerne merke til at det ikkje er dei heilt store grøntområda dette er snakk om (sjå illustrasjon), då det også skal bli mange nye parkeringsplassar utanfor tilbygget. Også av den grunn er dette absolutt ein overkomeleg jobb å få utført.

Du er sjølvsagt også hjarteleg velkomen til å stille på både på dagtid og kveldstid der dugnadslaga, som nemnt ovanfor, er i sving alle kvardagane utanom fredagane, ut mai måndad. På dagtid startar dei opp kl 10.00 og på kveldstid er det oppstart kl 18.00. Meir om dette i reportasjen vår frå sist veke.

Med dette oppmodar vi alle til å sette av litt tid til å få med seg sjølve innspurten i dette suverene prosjektet.


   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove