Fotograf: Hallgeir Hove
Mat blir det i denne fasen og. Ny oversikt klar måndag 10. mars fotograf Hallgeir Hove
Tilbygg Stordalshallen - dugnadsskjema
Her er skjemaet alle som deltek fyller ut. Skal leverast inn heilt til slutt, men no melder alle altså inn tal på timar pr. 5. mars

Innspurten startar opp på måndag!

Når vi måndag den 10. mars køyrer i gong ein ny fase med dugnad, denne gongen fram til påske, er det rett å hevde at vi er i gong med innspurten. Fram til no er det lagt ned ein formidabel innsats av mange og no er endå fleire klare til å bidra!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.03.2014

Totalt er det 52 personar som er sett opp på dei 5 laga i den komande perioden, noko som skal bidra til at det til ei kvar tid skal vere nok folk på plass, anten det no er på dagtid, eller kveldstid. Det er sendt ut e-post til dei aller fleste av desse i dag og i tillegg vil enkelte få  informasjonen i form av brev i posten (evt at dei ser dette på facebook)

For meir prosjektet knytt til å få tilbygget på plass, viser vi til ei rad tidlegare reportasjar, samt eiga side på facebook.

Vi har no også lag til eit galleri, der vi tek eit tilbakeblikk på dei første 6 månadane av prosjektet og då får ein verkeleg eit inntrykk av kor mykje som har skjedd fram til no.

Nedst i reportasjen her, finn du oppsettet på den komande fasen, der det framleis er 5 dugnadslag som vil vere i sving. (2 på dagtid og 3 på kveldstid)

Det er fint om den som skal vere med på dugnad, kan ta med eigen hammar og drill, om ein har dette.

Om det er andre som gjerne kan tenkje seg å vere med på dugnaden framover, er det berre å ta kontakt, eller berre møte opp for den del.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove