Safia Abdi Haase
Gjer deg klar for eit sterkt og inspirerande møte med Safia Abdi Haase
Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - plakat
Plakat

Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase

Stordal kommune v/Stordal frivilligsentral og Barnas kommune - i samarbeid med frivilligsentralane i Stranda og Norddal, samt Fjordhagen, - ynskjer velkomen til møte med Safia Abdi Haase i Stordalshallen, tysdag 27. september kl. 19.00.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 15.09.2016

Safia fekk i 2014 tildelt St. Olavs orden, ridder av 1. klasse, for sitt arbeid for å betre livs-vilkåra for kvinner og born. Denne sterke og modige dama som kom til Noreg i 1992 som flyktning frå Somalia og åleinemor med tre døtre, har motteke ei rekke utmerkingar for sin innsats og sitt engasjement.

Safia Abdi Haase innsåg raskt at ho sjølv måtte ta grep om ho skulle greie seg i Noreg. I Stordalshallen denne kvelden vil ho fortelje historia om korleis ho gikk fram for å knekke kodane i møte med det norske samfunnet, skaffe seg utdanning og arbeid og ta tak i utfordringar ho møtte.

Sjå eigen plakat for meir.

Safia skal tidlegare denne dagen vere med på integreringskonferansen på Stranda, som også er i regi av frivilligsentralane i Stordal, Norddal og Stranda, samt flyktning- og innvandrartenesta i Norddal og Stranda i samarbeid med Fjordhagen. Konferansen på dagtid sett m.a. fokus på integreringsarbeid i kommunar og bedrifter.

Møtet i Stordalshallen er sjølvsagt ope for alle interesserte!

Velkomen!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove