InStordal også med på vinnarlaget!

InStordal - hytter for folk flest - Klikk for stort bildeInStordal - hytter for folk flest Det har vore mykje positiv mediefokus på den nyleg etablerte verksemda InStordal. Dei satsar på produksjon av mikrohytter, eller designhytter om ein vil. Dette er små, praktiske hytter levert på kort tid og til ein pris folk flest kan leve med. At desse hyttene også vil passe inn, tett på verdas vakraste natur, er det liten tvil om. Sjølvsagt ynskjer også InStordal vere med på vinnarlaget, som ein av over 100 samarbeidspartnarar med Stordalshallen, noko vi synest er veldig stas.      

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 29.11.2016

InStordal - Steffen Leganger og Leif Grønning - Klikk for stort bildeInStordal - Steffen Leganger og Leif Grønning Eva Hove InStordal - NRK på plass under presentasjonen av planane - Klikk for stort bilde InStordal - reportasje i Sunnmørsposten - Klikk for stort bildeInStordal - reportasje i Sunnmørsposten InStordal - 100 hytter pr år - Klikk for stort bildeInStordal - 100 hytter pr år Steffen Leganger og Leif Grønning har stor tru på at det fins eit stort marked for hytter til ein pris på rundt 1 million kroner og med den korte leveringstida dei opererer med og i tillegg at alt saman då vil vere fiks ferdig og "nøkkelklart", ja så bør dette freiste mange!

Det var elles ein genial måte dei to gründarane presenterte planane sine på. Ein fullsett frivilligsentral i Stordal og med både NRK og lokalavisene på plass, fekk ta del i dei særs spanande planane og det var liten tvil i at dei alle let seg imponere. Små, prefabrikerte hytter med tiltalande arkitektur og interiør - hytter som dei fleste skal ha råd til å bygge, er altså forretningsideen og dersom dei lykkast i å realisere planane, kan det også bety 25 nye arbeidsplassar i Stordal. Dei to ser føre seg at ein kan kome opp i ein produksjon på nærare 100 hytter årleg framover. Dette seier også det meste om satsinga dei to no er i gong med. Produksjonen vil finne stad i lokala til Pedro Eiendom, midt i sentrum av Stordal.

Det neste spanande på vegen vidare no, er sjølve lanseringa av hyttene. Den første hyttemodellen er alt klar for sal og dette vert feira med ei lanseringskampanje.

InStordal har sjølvsagt også eiga nettside

Du kan også fylje InStordal på facebook

Sjå meir om InStordal også på Vekst i Stordal si nettside

Sjå også reportasjen i Sunnmørsposten

Det er sjølvsagt suverent at Steffen og Leif ynskjer satse på dette prosjektet, som på alle måtar ser spanande og ikkje minst særs tiltalande ut!

Supert er det også at dei ynskjer vere med som Stordalshallen sin samarbeidspartnar! Vi ynskjer dei velkomen med på laget og ikkje minst lykke til med satsinga!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove