Integrering og inspirasjon

Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - Klikk for stort bildeInspirasjonskveld med Safia Abdi Haase Hallgeir Hove Tysdag 27. september var det integreringskonferanse i Storfjord kulturhus på Stranda. Blant dei mange innleiarane på dagtid, var Safia Abdi Haase, som vi også fekk møte på inspirasjonskvelden i Stordalshallen same dag.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 11.10.2016

Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - Klikk for stort bildeInspirasjonskveld med Safia Abdi Haase Hallgeir Hove Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - Klikk for stort bildeInspirasjonskveld med Safia Abdi Haase Hallgeir Hove Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - Klikk for stort bildeInspirasjonskveld med Safia Abdi Haase Hallgeir Hove Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase - Klikk for stort bildeInspirasjonskveld med Safia Abdi Haase Hallgeir Hove Frivilligsentralane i Stordal, Norddal og Stranda tok initiativet til å arrangere integreringskonferansen, og med seg i planlegginga fekk dei Terese Jemtegård Moen i Fjordhagen og flyktning- og integreringstenesta i Norddal og Stranda. Konferansen var ein del av LUK-prosjektet for arbeidsinnvandring, som dei tre kommunane har vore med i.

Konferansen var variert og hadde mange gode innleiarar. Dansarar som opprinneleg er frå Litauen, men no busett på Stranda, opna konferansen med folkedans frå Litauen. Damene frå Litauen er tilsette ved Norsk Sjømat AS på Stranda, og saman med kontoransvarleg Sissel Habostad, vart dei intervjua av konferansier Martin Vos i ekte «Skavlan»-stil. Bedrifta har ein stor del utanlandsk arbeidskraft og både leiinga og dei tilsette meiner det er viktig for integreringa med norskopplæring.

Martin Vos fortalde med innvandrarskråblikk om korleis han opplevde å kome til Noreg med familien sin frå Nederland for 12 år sidan. Sjølv om Martin og familien kunne litt norsk (bokmål) før dei flytta til Stordal, var det ikkje alltid like enkelt å forstå kva som t.d. sto skrive på nynorsk når barna fekk med lapp heim frå skule og barnehage.

Terri Senior, nestleiar i Møre og Romsdal Røde Kors, fortalde Røde Kors og dei ulike tilbod og aktivitetar dei tilbyr inn mot mangfald, inkludering og fleirkultur.

Frå Møre og Romsdal fylkeskommune kom Eivind Ryste, som er seksjonsleiar ved regional- og næringsavdelinga.

Flyktningekoordinator Tordis Sivertsen frå Vestnes kommune, hadde mange praktiske tips å kome med, ettersom Vestnes kommune har til dels lang erfaring med busetting flyktningar og integrering elles.

Også NHO var representert ved seniorrådgivar Hanne Hægh Ryste. Ho fortalde om «Global Future», eit prosjekt som mobiliserte høgt utdanna innvandrarar til leiarstillingar og styreverv i næringslivet.

Biblioteksjef Bjørg Moltu ved Stordal bibliotek, hadde innlegg om kva ressursar biblioteka kan tilby integreringsarbeidet og kom med mange eksempel på korleis biblioteka kan vere ein medspelar i arbeidet med integrering.

Hege Støversten har også laga ein fin reportasje frå integreringskonferansen. Den finn du på Mental Helse Stordal si supre nettside.

Inspirasjonskveld med Safia Abdi Haase

Safia Abdi Haase kom til Noreg frå Somalia i 1992, som kvoteflyktning og aleinemor til tre døtre. Ho vart busett i Harstad, der ho etter kvart tok både grunnskule-eksamen, vidaregåande skule, sjukepelie og master i Social Welfare og Health Policy. No er Safia busett i Halden og jobber i Amathea-stiftinga. Safia fekk i 2014 tildelt St. Olavs orden, ridder av 1. klasse, for sitt arbeid for å betre livs-vilkåra for kvinner og barn.

Safia hadde innlegg på integreringskonferansen i Storfjord kulturhus på dagtid, og om kvelden fekk vi eit nytt møte med den fargerike dama. Det var om lag 100 frammøtte i Stordalshallen om kvelden, der også ungdomsskuleelevane ved Stordal skule møtte opp. Safia er ei fargerik dame, som ikkje liker ordet innvandrar – ho vil heller kalle seg medvandrar, for ho meiner at nordmenn også vandrar.

Ho har ei sterk historie i bagasjen, og ho har stått på for å kome dit ho er i dag. Safia Abdi Haase innsåg raskt at ho sjølv måtte ta grep om ho skulle greie seg i Noreg. Safia slo fast at integrering går begge vegar, både den som kjem til landet og vi som bur her frå før må ta aktiv del i å integrere.

Ho fekk med seg heile salen til allsong då ho spelte «Hakuna matata», frå Løvenes konge.

Ho likte seg så godt i Stordal at ho vil kome tilbake neste haust og arrangere «Global bygdafest» i lag med oss! Her vil ho ha ulike workshops i skulen, som vil bli vist fram frå scena på den Globale bygdafesten. Det heile vil bli ein dugnad, der vi vil invitere alle innbyggarar til å vere med og vise fram særpreg frå sin kultur. Her vil det bli både dans, musikk, mat og muligheit til å bli betre kjend! Vi håper mange har lyst å bidra og dei som alt no vil melde seg for å vere med i planlegginga, kan ta kontakt med frivilligsentralen.

Vi har også laga eit bildegalleri frå den kjekke inspirasjonkvelden. Det finn du på Stordalshallen si facebookside.

 

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove