Ja, det vart folkefest i år og!

Stordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik  - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - etter kampen mellom Ørskog og Spjelkavik Hallgeir Hove

Den 37. utgåva av Stordalscup er vel i hamn og arrangørane har verkeleg orda sine i behald, når dei omtalar dette arrangementet som ein folkefest. Årets utgåve samla faktisk så mykje folk at ein kan lure på om det ikkje nærma seg rekord. Med heile 90 deltakande lag og med så mykje som skjer også utanom fotballen, er det ikkje rart det ver folksamt. Sjølv om det ikkje var gnistrande sol heile helga, vart det heller inga utfordring vermessig.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.06.2017

Stordalscup 2017 - Barnas cupfredag - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Barnas cupfredag Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - Stordalshallen - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - Stordalshallen Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - gladiatorkamp og bumperz Hallgeir Hove Stordalscup 2017 - fornøgde jenter frå Spkl Herd - Klikk for stort bildeStordalscup 2017 - fornøgde jenter frå Spkl Herd Hallgeir Hove

Barnas cupfredag

Dei siste åra har Stordalcup blitt opna ved at ein går i karnevalstog frå sentrum og til stadion. Slik var det også i år og takka vere musikantar frå Stordal skulekorps og Stordal Hornmusikklag, vart det skikkeleg stemning i toget, anført av ordførar Eva Hove. Vel framme på stadion, vanka det is til alle som hadde vore med og gått i toget. Etterkvart overtok Maria Holand Tøsse showet og kunne presentere born og unge som framførte flotte songinnslag frå utescena. Stilig! Det neste på programmet var fotballkamp mellom Stordal og Lepsøy, der heimlaget i cupstemning sikra all dei tre poenga. I pausen var det flott oppvisning, både av representantar frå Storfjorden Taekwon do - klubb og Ørskog Angels cheerleading. Begge deler var skikkeleg imponerande og flott.

Innertier

Etter fotballkampen var over, var det så klart for konsert med Innertier på utescena. Når dei ikkje stod på scena, sytte Åge Staurset for musikken og det er liten tvil om at både han og gjestane frå Oslo var med på å få skikkeleg opp stemninga under denne flotte rusfrie ute-konserten. Slik sett kan ein godt hevde at heile greia vart ein einaste stor "innertier", kanskje reint bortsett frå at det godt kunne ha vore endå fleire som hadde funne vegen til utescena denne kvelden. Men dei som var der, såg iallefall ut til å ha det kjempebra.

Laurdagen

Sjølv om ein altså hadde flytta fram arrangementet med to helgar, og også meterologane gjorde alt dei kunne - dagane i førevegen - og meldte dritver, vakna vi til strålande sol på laurdagen. Det tok heller ikkje lange stunda før det yrte med folk både på stadionområdet og i og omkring Stordalshallen. Nede på marka vest for stadion vart det fort kø av barn og unge som ville vere med på gladiatorkamp og bumperz-fotball. Stas var det også å få ta seg ein ridetur og elles alt det andre som både små og store kunne vere med på. På scena inne i Stordalshallen, kunne vi få med oss resultatet av songseminaret som Maria Holand Tøsse hadde gjennomført, dagane i førevegen. Liten tvil om at det stadig kjem til mange dyktige unge og dei rett og slett elskar å stå på ei scene! Dei mange standane, både inne og ute, vart flittig besøkt og det er liten tvil om at det var mange flotte utstillarar på plass. Grillmaten på desse arrangementa er faktisk også verdt å nemne og også i år var det nok mange som tok turen innom, rett og slett av den grunn. Det same gjeld også det flotte kakebordet og mange nytta høve til å ta ein pust i bakken, med eit deilig kakestykke inne i Stordalshallen. Kampavviklinga gjekk også knirkefritt og det var rett kjekt så registrere den idrettsgleden og det engasjementet som vart vist ute på banene. Stas var det også med dei mange laga frå andre kretsar, m.a. MFK sine lag i klasse J 14 og J 16, Nordlandet frå Kristiansund og ikkje minst Vestbyen (med heile 3 lag) heilt frå Trondheim. Etter vel gjennomført turnering, vanka det både diplom, pokal og i tillegg trekkepremiar til spelarane. Dette var lagt opp slik at det ikkje tok lange stunda før siste kampen til laget var spela, før dei fekk gå opp på podiet og motta premiane sine. Noko av det som også er veldig populært under Stordalscup, er det store loppemarkedet. Då dørene inn til grendasalen i Stordalshallen vart opna, strøymde det på med folk som ville sikre seg dei beste kjøpa. Som seg hør og bør, vart arrangementet på laurdagen avrunda med utedans. Det var ved Nilsgardstunet dette og det vert meldt om mykje folk og god stemning også der.

Søndagen

No var det ikkje like solfylt på den siste dagen av arrangementet, men det var aldri noko problem med dei dråpane som kom. Til det var nemleg temperaturen for god. Om det var folksamt på laurdagen, var det truleg endå fleire på plass søndag. I tillegg til alt det ein kunne vere med på dagen før, var også Stordal Brannvesen på plass denne dagen. Liten tvil om at det var populært å få vere med og teste ut den nye, flotte brannbilen borte på grusbana. Ute på banene var det nye aldersgrupper og nye lag på plass i høve til dagen før og det var mange spanande kampar både i dei klassene der det var eige sluttspel og elles. I ei av desse klassene med finalespel, møttest Stordal og Blindheim sine J 14-lag i finalen og for dei som fekk med seg den, vart det både fartsfyllt og ikkje minst spennande. Det måtte til slutt straffespark-konkurranse for å kåre ein vinnar og jubelen var sjølvsagt stor blant heimelaget sine spelarar og mange med dei, på sidelinja. I tillegg til all den idrettsgleden vi kunne registrere, er det også rett å hevde at det var veldig mange flotte prestasjonar ute på kunstgraset. Sjølv dei aller ynskte kunne vise fram ein blendande teknikk og mål vart sjølvsagt feire på Ronaldo-vis. 

Dugnadskommunen

No kunne det vore skrive så uendeleg mykje meir om denne folkefesten, men det reknar vi med at våre lokalaviser vil ta seg av. For dette arrangementet er det største av dei alle i denne suverene dugnadskommunen (..og det seier ikkje reint lite) og det er m.a. verdt å merke seg det enorme talet på frivillige som stiller på. Sjølv om det er altså er fotballgruppa som står som arrangør, dukkar dei opp att den eine etter den andre også av dei som kanskje ikkje har like mykje med fotballgruppa å gjere lengre. Rart med det, når du har vore med i snart 40 år, er det blitt heilt sjølvsagt at ein stiller opp. Det er nok heller ikkje tvil om at det er stas å få vere med på å skape noko så flott som dette. Tilbakemeldingane, også denne gongen, er berre heilt suverene.  At dette er eit velsmurt maskineri, der alle veit kva arbeidsoppgåver som skal utførast og korleis, er det heller ingen tvil om. Frå det siste sparket på ballen i kampen mellom MFK og Stordal i klasse J 16 (som stordalsjentene forøvrig vann 3-0) tok det knappe 2 timar, før alt var rigga ned, både i og utanfor Stordalshallen og på heile stadionområdet. Rett og slett imponerande, nok ein gong!

Her er 123 bilder frå Barnas cupfredag

Her er 369 bilder frå laurdagen

Og her, 141 bilder frå søndagen

For å få eit inntrykk av kor stort Stordalscup eigentleg er, kan også eit tilbakeblikk vere på sin plass. Her er lenke til ein reportasje der vi har samla lenker til ulike galleri på totalt 1 823 bilder

Stordalscup si facebookside finn ein også mange flotte filmsnuttar og mykje anna stoff.

I våre mange tidlegare reportasjar vert dette dokumentert ytterlegare.

Då står det berre att å takke dei tusenvis av tilreisande for at dei ville vere med på folkefesten og sjølvsagt også gratulere arrangørane for ein ny fantastisk folkefest, gjennomført!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove