Jenny med hovedrolle i «Les Misérables»

Jenny-markering, Stordalshallen - ordføraren og Jenny - Klikk for stort bildeJenny-markering, Stordalshallen - ordføraren og Jenny Hallgeir Hove Det er stor stas å registrere at Jenny Langlo har fått ei hovedrolle i musikalen «Les Misérables». Det er liten tvil i at vi er særs stolte av alt det Jenny har utretta på scenene rundt om, heilt frå starten av her lokalt, til siger i IDOL 2011 og innsatsen under MGP i 2015 og meire til. Ikkje rart at Jenny vart utnemnt til ambassadør for Barnas kommune!

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 04.11.2016

«Les Misérables» er basert på Victor Hugo sin roman med same namn, og finn stad i Frankrike på 1800-talet. Når den vert omtala som "Verdens største og mest populære musikal" på Folketeateret si nettside, så viser dette tydeleg kva det er snakk om. Folketeateret er Norges største private teater, og har sidan opninga i 2009 mellom anna sett opp framsyningane Mamma Mia, We Will Rock You, Monty Python's Spamalot, My Fair Lady, Annie og Mary Poppins.

Musikalen har premiere 8. september 2017 og det er ikkje første gongen stordalingar og andre fans har lagt turen til Oslo for å få oppleve Jenny på scena!

I samband med offentleggjeringa av den stjernespekka gjengen som skal vere med i musikalen, var det også eigen fin reportasje i SunnmørspostenPå rollelista finn ein namn som Haddy N'jie, Marion Ravn, Mariann Hole, Karin Park, Dennis Storhøi, Håvard Bakke, Hans Marius Hoff Mittet, Lars Henrik Aarnes, Andreas Hoff og altså stordalstausa Jenny Langlo.

Jenny vart - som godt kjent for oss her omkring - utnemnt som Ambassadør for Barnas kommune i desember 2011 og det er ikkje til å legge skjul på at vi er veldig stolte av nettopp det og alt det ho har bidratt med av god PR for heimkommunen sin.

Her kan du sjå attende på mykje av alt det fantastiske som skjedde i samband med at Jenny gjekk til topps i IDOL 2011.

I mars 2015 gjekk stordalingane amok på ny. Då var det finale i Melodi Grand Prix! Sjølv om Jenny ikkje gjekk til topps der, var det nok mange som meinte ho burde gjort det og då ikkje berre dei som var møtt opp på Nilsgardstunet, for å seie det slik.

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove