Fotograf: Pressebilde
Det skal bli stort å få oppleve desse to på scena i Stordalshallen! fotograf Pressebilde
Fotograf: NRK
Ivar Dyrhaug hadde nyleg også besøk av Jenny og Knut Marius og då også saman med Nosizwe og Zawadi fotograf NRK
Fotograf: Universal
Knut Marius imponerte stort og gjekk sjølvsagt heilt til topps i The Voice i 2013 fotograf Universal
Fotograf: TV2
I 2011 var det IDOL-feber både i Stordal og resten av Møre og Romsdal, då Jenny gjekk heilt til topps fotograf TV2
Fotograf: Hallgeir Hove
Stinn brakke då Jenny hadde minikonsert i samband med Stordalscup 2012 fotograf Hallgeir Hove

Jenny og Knut Marius med konsert i Stordalshallen!

Vi kan no avsløre at det blir konsert med Jenny Langlo og Knut Marius Djupvik i Stordalshallen, tysdag den 15. desember. Dei er ute med konserten "Du store mi ti!" - som naturleg nok har fokus på juletida - og vi er sjølvsagt kjempeglad for at dei har funne plass til Stordal på turnelista si! 

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 23.11.2015

Det er blitt snakka mykje om at Møre og Romsdal verkeleg er blitt sett på kartet dei siste åra, ikkje minst på grunn av at det stort sett er fotballag herifrå som vinn både cupfinalane og serien. Men ikkje minst har også dei to vi får oppleve på scena i Stordalshallen tysdag den 15. desember, verkeleg vore god reklame for fylket vårt! Som alle veit, gjekk Jenny til topps i IDOL i 2011 og då var det slett ikkje berre i Stordal det var hysteriske tilstandar! Når så Knut Marius gjekk til topps i The Voice i 2013, vart dette endå argare naturlegvis.

Dei to er sjølvsagt travelt opptekne, kvart med sitt, men i mai i år møtte dei to kvarandre i samband med forestillinga; "27 - The Club" i Drammen. Då byrja også eit vennskap og eit samarbeid, som m.a. no også har resultert i ein eigen juleturné. Konserten med dei to flotte representantane frå hhv Sunnmøre og Romsdal, har dei valgt å kalle "Du store mi ti!"

Du kan lese meir om den i eige presseskriv (sjå eigen pdf nedst på sida), der det m.a. står fyljande: "Du store mi ti" skal underbygge og understreke det julen er: En stor tid.

Med seg på turnéen, har dei desse særdeles dyktige musikarane:

André Gussiås - Piano
Hallgeir Solli - Gitar
Arne Petter Ugelvik - Bass
Stian Romuld - Trommer/Perkusjon

KONSERTEN STARTAR KL 19.30 (dørene opnar kl 19.00)

Vi kjem attende med meir info om dette med billettsal o.l. Då gjeld det å vere om seg!


Det er berre å byrje å gle seg folkens, for dette kjem til å bli stort! For å korte ned ventetida kan vi anbefale desse flotte glimta frå tidlegare sceneopptredenar:

Knut Marius og Jenny kunne vi nyleg oppleve saman i Beat for beat på NRK 

Knut Marius hadde definitivt noko å tilføre The Voice! (Sjekk gjerne starten på eventyret her)

Knut Marius Djupvik vinn finalen i The Voice!

Jenny Langlo, Melodi Grand Prix 2015 - Next to you

Jenny Langlo, på scena MGP 2015


Det er også stas å ta eit tilbakeblikk på litt av alt det fantastiske som skjedde då Jenny gjekk til topps i IDOL og gjerne då via deltakinga i MGP tidlegare i år, først. (det er berre å fylje lenkene)

Jenny er også utnemnt til ambassadør for Barnas kommune

VI GLER OSS!  

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove