Fotograf: Hallgeir Hove
Det vart mange spektakulære svev då Frode Holteite instruerte jibbarane på konkurransetrampolina fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Her er deltakarane som var med, i tillegg til skyteinstruktør Jostein Myrvang (t.v.) Magnus Mongstad lengst til høgre fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Oliver Busengdal Tafjord hadde ikkje vanskar med å klatre ut på bjelken. Her heng han litt ekstra lenge, på veg ned att, til ære for fotografen fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Jostein Myrvang på plass også denne gongen og han var skikkeleg imponert over skyteferdigheitene ungdomane synte fram fotograf Hallgeir Hove
Fotograf: Hallgeir Hove
Frode ser til at alt går som det skal på trampolina fotograf Hallgeir Hove

Jibbarar med innhaldsrik samling i Stordalshallen

No er det ikkje sikkert alle er like godt kjent med kva jibbing er for noko, men dette er altså del av eit nytt fordjupningstilbod ved Stranda vidaregåande skule og skigymnaset der. Denne helga har dei gjennomført ei innhaldsrik og flott samling i Stordalshallen der ei rad ulike aktivitetar stod på programmet, ikkje minst fire timar med instruksjon på konkurransetrampolina!  

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 08.09.2014

I og med at gruppa kom til Stordalshallen alt på fredag ettermiddag og budde her fram til søndag ettermiddag, vart det god tid til ei rad aktivitetar og deltakarane var nok relativt slitne etter endt samling. Men samstundes vart dette ei helg fullespekka med kjekke aktivitetar og då gjer det sikkert ikkje så mykje om ein vert litt sliten.

På fredagskvelden hadde dei hovudfokus på klatring, medan laurdagen starta med ei økt på to timar på konkurransetrampolina. Det var Frode Holtleite som var instruktør der og med utgangspunkt i det dei hadde gjennomgått då, bygde han vidare på dette under ei like lang økt på søndagen. Då vi var på plass søndagen, fekk vi sjå kva desse ungdomane var gode for og det var verkeleg imponerande. Liten tvil i at ungdomane hadde stor glede og nytte av å ha Frode Holtleite som instruktør. Frode var elles den som var med på å starte opp trampolinemiljøet i Stordal, då Stordalshallen stod ferdig i 1997. Sjå fleire spektakulære svev i eige bildegalleri på Stordalshallen si facebookside.

Samstundes med trampolineinstruksjonen på søndagen, køyrde dei også ei ny runde i klatreveggen, der dei sjølvsagt imponerte stort. Oliver Busengdal Tafjord klatra t.d. enkelt og greitt ut på bjelken i taket, noko som ikkje er alle forunt å klare.  

Elles vart det lagt opp til fleire økter med koordinasjon i løpet av helga, dei gjennomførte sykkeltur til Overøye/Langsætrane på laurdagen og om ettermiddagen var Jostein Myrvang på plass, slik at dei fekk testa ut skuddferdigheitene sine. (sjå galleri for meir)

Det vart totalt 11 deltakarar med på samlinga, i tillegg til 3 lærarar. Både Bjørn-Inge Drabløs, Eivind Busengdal og nytilsette Magnus Mongstad (frå Molde), som vert hovudtrenar for jibbarane, var med. Etter tilbakemeldingane å dømme, er det ikkje siste gongen denne gruppa kjem til å legge turen til nettopp Stordalshallen.

Les meir om det nye studietilbodet på Stranda vidaregåandes skule si heimeside

Sjekk Sunnmørsposten sine bilder frå eigen jibbecamp på Fjellsætra sist vinter

I Sunnmørsposten si papirutgåve, sist laurdag, stod det å lese endå meir om dette nye studietilbodet.

Vi takkar for triveleg besøk og ynskjer både elevane og skulen lukke til med det nye studietilbodet!

   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove