Jøleik skulekorps med vellukka øvingshelg

Jøleik skulekorps har postadresse 6080 Gurskøy, men det var ikkje til hinder for at dei siste helg la opp til tur heilt hit til oss. Etter tilbakemeldingane å dømme er det også all grunn til å tru at dei gjerne legg opp til liknande, ved seinare høve.

Publisert av Hallgeir Hove. Sist endret 21.09.2015
Fotograf: Hallgeir Hove
Super gjeng frå Herøy, nærare bestemt Leikong! fotograf Hallgeir Hove

Sjølvsagt var det korpsøving som stod i fokus, når dei hadde lagt opp til ei helg i Stordalshallen, men likevel var det sjølvsagt tid til mykje kjekk sosial aktivitet, som t.d. dansekonkurranse, filmkveldar og ikkje minst tur til den supre klatreparken i Valldal. Økta i klatreparken, vart ei heller våtsam oppleving, og ekstra kjekt var det då å kome attende til Stordalshallen der nokre av leiarane stod klare med heimelaga pizza. På søndagen fekk dei seg også ei kjekk økt i symjebassenget, før dei lag på heimveg ca kl 15.30. Takk til Marte Holmelid som stilte opp som badevakt!

Det er alltid like stas å ha besøk av korps som legg opp til øvingshelgar hjå oss. Også denne gjengen frå ytre søre var veldig flinke til å rydde og vaske etter seg og det var verkeleg ein triveleg gjeng som såg ut til å trivast særs godt i lag.

Om dei ynskjer å legge opp til tur til indre fjordstrok igjen også ved seinare høve, så veit dei også at det framleis er mykje ved Stordalshallen dei enno ikkje har fått testa ut. Mykje tyder på at dei kjem til å gjere nettopp det. For oss var det iallefall eit særdeles hyggeleg nytt bekjentskap.

 
   

Søk

Kontaktinformasjon

Stordalshallen
Stordalsvegen 671 (besøksadresse) Kommunehuset (postadresse)
6250 Stordal
E-post : hallgeir.hove@stordal.kommune.no
Telefon
: 70279123

Mobil
: 90949358
Levert av ACOS AS
Nettredaktør Hallgeir Hove