Jonathan har stilt opp på Grendacupen i ei årrekkje no og det er alltid like kjekt å få besøk av denne trivelege og særs målretta karen. Han har også stilt opp på Stordalscup mange gongar og sist sommar fekk vi også høve til å verte ekstra godt kjend med han, i samband med aktivitetsveka til Barnas kommune. Les reportasje om dette her. Les også reportasje om Jonathan, etter englandsturen, på Aafk si nettside.
Grendacupen først, dernest Nottingham Forest?
Dersom alt går etter planen, vil Jonathan dømme kampar i turneringa for dei som går i 5. t.o.m 8. klasse og vere med på felles bilde av heile gjengen. Kanskje vert det også tid til eit lite intervju? Det vert uansett stas å få besøk av Jonathan.
Sjå reportasjen om årets Grendacup her.